JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Brev som litterær sjanger

Boka syner at brev frå denne tida ikkje berre var ei vanleg kommunikasjonsform, men ein viktig litterær sjanger.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Brevvenene Kristian Prestgard og Ivar Kleiven sommaren 1927.

Foto frå forlaget

4509
20171027
4509
20171027

Brev

Heime og ute. Brevskifte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932

Ved Gudmund Harildstad og Kristoffer Kruken
Novus forlag

Bak denne boka med nesten to hundre brev mellom Ivar Kleiven (1854–1934) og Kristian Prestgard (1866–1946) ligg eit enormt arbeid og ei stor interesse for å lese brev som litteratur. Kleiven (frå Vågå) og Prestgard (frå Heidal) skreiv brev til kvarandre i over førti år.

Sjølv om Kleiven har skrive langt dei fleste breva som er samla i boka og er betre kjent som granskar og samlar av lokalhistorisk materiale, er det Prestgards brev som i dag vekker størst interesse, ikkje minst fordi Prestgard skreiv om store omskifte og oppbrot i eige liv. Det er meir liv og røre i breva hans. Prestgard fór frå heimegrenda, først til Seljord, så til Danmark og til slutt til Midtvesten.

TIL CHICAGO

Brevskrivarane møttest som elevar på Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord i 1885. Kleiven var ein god del eldre enn Prestgard, og det ser ut til å ha vore han som starta brevvekslinga, for Kleiven har heile tretten brev i boka før Prestgard kjem i gang. Korrespondansen tek til i Seljord og ender i Decorah i Iowa. Dei to venene skreiv om korleis dei las norsk samtidslitteratur, Ibsen, Bjørnson og Garborg.

I 1888 kom Prestgard attende til Seljord, som lærar. Han klaga på at skulemannen Ullmann var mest ute på reiser: «Ullmann tullar seg burt inne i hovudstaden».

Prestgard tykte lite om Vinjes deling mellom austland og vestland, og ville heller skilje mellom «fjellbu, fjordbu og flatbu». I 1892 nemnde Prestgard at folk i Seljord «sladrar og baktalar og lyg paa einannan», som før. Han meinte elles at han var den einaste der i bygda som (i 1893) støtta Knut Hamsun.

Det var i Seljord at Prestgard førebudde seg til å reise som bladmann til verdsutstillinga i Chicago i 1893. Han skreiv til Kleiven frå Chicago at det der «skjelv af Damp og Elektricitet kor ein snur seg». Han skildra livet midt i «Røvarlande», men det skulle likevel gå over tretti år før han reiste heim ein kort tur til Noreg. Prestgard fann seg nemleg fast arbeid i det som den gongen var ein levande norskspråkleg aviskultur i Midtvesten. Frå 1893 og framover gir breva eit framifrå nytt kjeldemateriale til norskamerikansk avissoge. I 1923 blei Prestgard sjefsredaktør i Decorah-Posten, som då var ei større avis enn dei fleste aviser i Noreg.

«DOBBELTLØBENDE»

I 1924 skreiv Prestgard nokre artiklar i Decorah-Posten om «Udvandrerens Tragedie», der han skildra norskamerikansk identitet den gongen som en «dobbeltløbende Tilværelse». I breva til Kleiven kom han ofte inn på same tema. Han fortalde at han lengta tilbake til «heimegrendi» og kjende seg på sett og vis som ein «ensom og forladt i Israel». Han klagar til Kleiven om at barna «snakker bare Engelsk, tiltrods for alle mine Kneb». Sjølv var han redd for å miste både «Morsmaal og Fedraland utan aa vinna noko nyt».

Særlig hendingane i 1905 fekk han til å lengte heim til gamle tomter, der han kunne samle seg sjølv «op igjen i Smaabiter». Men dette kan ha vore ein negativ konstruksjon bygd på den sinnsstemninga han var i då han tok pennen fatt for å skrive til Kleiven. For Prestgard må verkeleg ha stortrivest i Decorah i Iowa, på «Trollhaugen», der han budde.

Naboen, professor Knut Gjerset (som gav ut større verk både om norsk og islandsk historie på engelsk), kom ofte innom til gode samtalar. Prestgard kjende seg som «Døl indvendig» og skreiv ofte nynorsk i breva, men dansk-norsk i avisa si. Han var «døl» og fleirkulturell, samtidig. I 1935 blei han utnemnd til heidersdoktor ved Luther College.

SKRIFTKULTUR

Boka syner at brev i denne tida ikkje berre var ei vanleg kommunikasjonsform, men ein viktig litterær sjanger, som no er på veg ut. Samla sett viser boka til eit rikt kulturliv i bygd og småby, i Noreg og i Midtvesten. Det er ei viktig påminning i vår tid, då media og politikarar ofte lèt som om alt kulturell og intellektuelt liv er samla i dei store byane.

Heime og ute er ei svær bok. Mange aktørar har vore i arbeid. Først dei to brevskrivarane, så dei som samla og tok vare på breva i ettertid, og til slutt dei to redaktørane som laga boka.

Øyvind T. Gulliksen

Øyvind T. Gulliksen er professor emeritus i amerikansk litteratur og kultur og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Frå 1893 og framover gir breva eit framifrå nytt kjeldemateriale til norskamerikansk avissoge.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis