Film

Blodige gråsoner

Eirik Sveinsson fortel fengjande om store tema, no frå Den sentralafrikanske republikken.

Kristine Kujath Thorp spelar Linn, som leier eit team med hjelpearbeidarar ved eit provisorisk feltsjukehus i Bangui i Den sentralafrikanske republikken.
Publisert

Borgarkrig herjar i Den sentralafrikanske republikken jula 2013. Linn (Thorp) leiar den einaste hjelpeorganisasjonen i hovudstaden Bangui. Kampar mellom kristne og muslimske militsar herjar. Båe sider er grenselaust brutale.

Julaftan skal Linn og kollegaane til den kristne klinikken. Militsleiar Victor (Singa) seier at dei skal eliminere alle muslimar. Når ein livredd muslimsk mann gøymer seg i klinikken, hamnar Linn i moralske dilemma av episke proporsjonar.

Nasjonalt andlet

Filmen er basert på eit ekte døgn på jobb for Lindis Hurum i Leger Uten Grenser. Kristine Kujath Thorp i hovudrolla er ein av dei beste skodespelarane våre. Ho kan komikk, som i Ninjababy av Yngvild Sve Flikke, og stort drama, som i den førre filmen til regissør Eirik Svensson, Den største forbrytelsen.

Med rollene sine i Nordsjøen av John Andreas Andersen og i Før mørket har ho vore andletet til to sentrale delar av vårt nasjonale sjølvbilete: olje og bistand. Ho tar alt på strak arm. Steingode Thorp spelar ein kompleks karakter. Styrke, uvisse, frykt og feil kjempar om plass i ein forvirrande, forferdeleg situasjon.

Svensson har skapt ein nervepirrande, effektfull film. Eg sveitta. Hektisk stemning er sikra med rastlaust kamera og klipp. Eit skote barn og ein komplisert fødsel skal reddast samstundes som militsmenn hamrar på døra. Spenninga aukar med tvilen rundt det å redde ein ukjend mann dersom det set tilsette i fare og risikerer klinikken folk er avhengige av. Lun ettermiddagssol gjev ikkje ro for den som bør heim før mørket. Situasjonen er ekstrem. Som militsleiar Victor seier: «Her er hemn terapi.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement