Film
Fluger, varme og arvesynd
Ekko fra fortiden tek seg god tid, men det tolest godt.
Hanna Heck spelar den sjuårige Alma på 1910-talet.
Foto: Arthaus
På ein gard aust i Tyskland følgjer me fire jenter/kvinner over fire generasjonar: sjuårige Alma (Heck) på 1910-talet, tenåringen Erika (Drinda) på 40-talet, tenåringen Angelika (Urzendowsky) på 80-talet og tolvåringen Lenka (Geiseler) frå notida.
Folka i huset endrar seg, moten endrar seg, språket endrar seg, men døden og livet køyrer sitt eige løp, upåverka av tida.
Kamera går og går
Sjeldan er kameraet ein så delaktig og tydeleg aktør som i Ekko fra fortiden. Det kikar inn nykelholet, gløttar fram bak ei dør, spring etter systrene som pilar gjennom huset etter å ha skøya med eine tenestejenta. Det kviler på ansiktet til vesle Alma som studerer dei andre ansikta i huset frå sjuåringshøgde medan dei markerer dødens dag. Det studerer Alma som studerer fotoa av dei døde slektningane, inkludert ei anna lita Alma, mora si syster, som sit støtta opp på dødsfotografiet i den same benken som står i stova deira i dag.
Så følgjer kameraet Erika, som stadig snik seg inn til onkelen som er sengeliggande på grunn av ein amputasjon. Det følgjer Angelika og handa til onkelen hennar, der ho legg seg på det sommarnakne låret hennar. Kameraet ser på Lenka som søv ved sida av systera på golvet i det gamle huset, der møblane frå dei andre tiåra framleis står, enn så lenge – det er notid, ho og familien har flytta frå Berlin til landsbygda og skal pussa opp. Knitring, surrande fluger og sommarlege lydar er også uforandra. Det same er arvesynda og dødslengten.
Snakkande vegger
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.