JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Årsbeste for Brit

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filmen om Ali og Ava handlar om eit møte mellom einsame sjeler.

Foto: Arthaus

2976
20221223
2976
20221223

Å oppsummera filmåret sender meg kvart år inn i ein interessant tenkeboks. Kva gjer at ein film hamnar på lista?

Det betyr ikkje nødvendigvis at eg tilrår alle å sjå filmen, ikkje eingong at eg trur alle kjem til å lika han, men filmen må treffa meg rett i fleisen, med anten originalitet, bodskap eller dette udefinerbare som gong på gong trumfar filmatisk fornuft.

Virringa

Ein soleklar favoritt frå tidleg i 2022 er Ali & Ava av Clio Bernard. Eg elskar den ruskete dynamikken til Ali og Ava, og Adeel Akhtar må vera det mest sjarmerande virrehovudet dette filmåret. Og apropos virring, ingen filmar slo Everything Everywhere All at Once av regissørparet Daniels når det gjaldt å teppebomba auga og hjernen til publikum.

Ein som også likar å slenga på alt som finst av effektar, er Baz Luhrman, og sjølv om Elvis ikkje går ned i historiebøkene som hans beste film, er dei magiske augeblikka så til dei grader gåsehudframkallande at for min del endar filmen på lista.

Underhaldninga

Rein, skir underhaldning skal ikkje undervurderast. Som også gjer at den kanskje meir konvensjonelle She Said av Maria Schrader kjem med. Det å sjå gode journalistfilmar som speglar nyheitsbiletet, i dette tilfellet saka om Harvey Weinstein, er både underhaldning og folkeopplysning. Det same kan ein på eit vis seia om Asghar Farhadi, og med En helt har han for n-te gong vist at Iran er dårleg på mange måtar, men ikkje som filmnasjon.

Alvoret

Eg hadde ikkje forventa å bli så gripen av historia om schizofrene Inger som reiser på busstur med systera og mannen, men Rose av Niels Arden Oplev rørte meg som berre ein så godt fortalt og spelt film kan. Tilsvarande rørt var eg gjennom den nydelege teiknefilmen Ulvevandrerne av Tomm Moore og Ross Stewart, best kjende for Sangen fra havet (2014).

Og mens me driv og lèt tårene strøyma, så kom venskapsfilmen Close av Lukas Dhont med på tampen av året. Også En vakker morgen av Mia Løve-Hanssen må nemnast, for si vare og kloke framstilling av dei mange dilemmaa kring brått å ha gamle foreldre. Den mest overraskande favoritten min i år er utvilsamt Snøleoparden av Marie Amiguet og Vincent Munier. Filmen er berre eit hisides vakkert portrett av naturen som best av alt klarar seg utan oss menneske. Og pallaskatten er mitt nye favorittdyr.

Norsk-ish

Eg vil seia at alle mine utvalde norske filmar har hamna her ikkje som eit stemoderleg forsøk på å få med norske, men fordi både Syk pike av Kristoffer Borgli og Thomas mot Thomas av Jakob Rørvik knallar til med skarp, fin humor og haugevis av fantasi. 12 bragder er ein tvilsam norsk kandidat, men regissør Izer Alius er ein slags pan-skandinav med mange år og utdanning i Noreg, og eg vil gjerne skryta av at «me» har ein regissør som laga ein av fjorårets mest originale og kule filmar, ta mig fan!

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, program­skapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Rein, skir underhaldning skal ikkje undervurderast.

Brit Aksnes

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis