Arkivet: U2, 2023
Då eg først høyrde U2s nye versjon av «With or Without You», som er å finne på dagsferske Songs of Surrender, kom eg til å tenkje på kameraten min som i si tid gjekk ut på Puddefjordsbrua her i Bergen og kasta The Joshua Tree (1987), der songen først dukka opp, ned i vatnet. Eg syntest nok det var litt strengt, for det albumet sette eg svært høgt, og eg er framleis glad i det, men på 2023-utgåva av «With or Without Me» høyrest diverre U2 ut som eit passe bra tribute-band. Dei mørke bølgjene under brua trugar meir enn nokon gong før.
Det finst vel dei som kjem til å ironisere over tittelen på denne nye samlinga, der dei fire i bandet har valt ut ti låtar kvar over fire diskar og spelt inn materialet på nytt, tidvis i radikalt nye versjonar. 2023 skal visst verte eit spektakulært, multimedialt U2-år, det har bandet sjølv annonsert med paukar og fanfare og Super Bowl-reklame.
Det tek til på Disney + i kveld (der David Letterman tek turen til Dublin), og til hausten ventar eit megalomant show på The Sphere i Las Vegas, der bandet skal hente fram klassiske Achtung Baby (1991) igjen. Tanken går til Elvis og konsertane han heldt på The International Hotel i same by på tampen av karrieren – før ikonet imploderte og eventyret var over for godt. Finst helvete, spelar dei av ein spelefilm om U2 regissert av Baz Lurhmann på storskjerm døgnet rundt.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.