JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Arbeidarkjærleik

Norwegian Dream er eit kjærkome polsk-norsk drama som handlar om retten til ryddige arbeids­tilhøve og til å elske kven ein vil.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Robert flyttar frå Polen til Noreg for å arbeide på laksefabrikk. Der forelskar han seg i norske Ivar, eit forhold han må halde skjult.

Foto: Storytelling

2422
20230317
2422
20230317

Drama

Regi: Leiv Igor Devold

Norwegian Dream

Med: Hubert Milkowski, Karl Bekele Steinland, Jakub Sierenberg
Kinofilm

Nitten år gamle polske Robert (Milkowski) kjem til Noreg for å jobbe med laks. Han bur trongt i lag med andre polske arbeidarar. Arbeidet med å foredle fisk er eit slit med tallause like rørsler i høgt tempo kvar dag. Norske Ivar (Steinland) er mentor for Robert, som ser at kollegaen blir gjord narr av i homofobisk og rasistisk stil. Sjølv verkar Robert å vere fascinert av Ivar, som er annleis.

Nye nyansar

Polsknorske Leiv Igor Devold er den rette mannen ved roret på denne historia frå Noreg i dag. Hans første heilaftans spelefilm kjem etter fleire kortfilmar som blandar polsk og norsk. Devold teiknar ingen glansbilete. Korkje machomiljø med arbeidarar frå Polen eller norske leiarar i mellomstore oppdrettsføretak som ikkje likar fagrørsler, slepp unna.

Jamvel kjem eit stikk til kreative, urbane miljø som ikkje ser eigne fordommar. At alle kan klage, er eit godt teikn for filmen. Jamt over er det ikkje overdrivne skurkar i filmen, men menneske med motivasjonar ein kan forstå. Det vantar ikkje på refleksjonsnivå hjå dei polske arbeidarane, og fleire bifigurar gjev breidde.

Ein fråverande norsk majoritet som nyt godt av ulikskap, bør òg sjå sin plass i biletet, sjølv om ein ikkje bur på Frøya.

Tette trådar

Devold legg vekt på miljøskildring og nyansar, men òg klare meldingar. Norwegian Dream er sosialrealisme med eit tydeleg narrativ og driv, men med ei klassisk kjærleikshistorie i sentrum. Hubert Milkowski i hovudrolla og Karl Bekele Steinland som Ivar ber filmen godt.

Milkowski spelar subtilt og sterkt med eit perfekt oppsyn for rolla. Steinland spelar flott på andre strengar med eit vinnande, mildt vesen med evne til å bite frå seg når figuren hans står på krava om arbeidsrett og fri kjærleik.

Filmen tek tak i minst tre tematiske trådar som fortener kvar sin film. Heldigvis har Devold fletta dei tett og godt saman. Han meistrar balanse mellom ulike miljø og held på krafta i forteljinga om folk som ber på fleire draumar. Norwegian Dream er ein kjærkomen film frå ei stemme vi lyt setje pris på.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis