Film
Akutt stress
Eg blir sveitt av det spennande danske sjukehusdramaet til Zinnini Eklington.
Trine Dyrholm (t.v.) spelar mor til ein 18 år gammal gut som kjem til akutten med ekstrem hovudverk. Legen, spelt av Özlem Saglanmak, gjer ei feilvurdering. I bakgrunnen Iman Meskini, som spelar sjukepleiar.
Foto: Per Arnesen / SF Norge
Legen Alex (Saglanmak) er nevrolog på eit dansk sjukehus. Ho er dyktig, kunnskapsrik og oppmerksam og raus nok til å ta ei dobbeløkt for laget. Som illustrasjon på kor god ho er, møter vi den kjenslevare nykommaren Emilie (Arcel F.) og den rutinerte, kyniske kirurgen Esben (Johannesen).
Då ein atten år gammal gut kjem inn med sterk hovudverk, finn ein ikkje symptom på anna enn ei fyllekule. Det skal vere trygt å sende han heim. Men stjerna Trine Dyrholm spelar mora, og har du sett film før, veit du at det neppe går berre bra.
Energieffektiv
Det knyter seg fort til. Kjapp klipp og tett, vinglande kamera kastar oss inn i sjukehusstresset. Manusforfattar og regissør Zinnini Eklington får fort sympatien til Alex til å vekse. Özlem Saglanmak spelar Alex med glans. Ho har verdifull erfaring frå seriar som Borgen og Broen, og actionfylte filmar som Shorta (2020) og Sønner av Danmark (2019).
I Det andre offeret får ho vist eit breitt register med energi og truverd. Ho er hjarta i filmen. Trine Dyrholm er sjølvsagt òg urovekkjande god, medan norske Iman Meskini skal ha honnør for si rolle som sjukepleiar med rak rygg og ro.
Eklington fortel effektivt. Mange har sikkert runda tjue sesongar med Grey’s Anatomy eller femten med Akutten. I Det andre offeret får du noko anna: eit fortetta drama som går til kjernen av ei rekkje dilemma på 90 minutt. Debutantregissøren får fram overraskande mange nyansar. Mang ein figur er meir dynamisk enn ein skulle tru. Karakterane må ta vanskelege avgjersler raskt, og utfallet kan vere fatalt sjølv for dei skarpaste og mest velinformerte. Vegen frå det profesjonelle til det personlege er kort.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.