Undermålaren dukkar opp
Johann Elsholz gav i 1663 ut ei bok om å måle menneske.
Foto: Wikipedia
Fjerde bandet av Norsk idéhistorie handlar om vitskapens vandring inn i det norske samfunnet. Det kunne vere konfliktfylt, og konfliktane kunne leggje etter seg spor som kan undre ettertida. Statistikken, der oppsamla tal og fakta blir pressa til å fortelje kva dei veit, var også i vokster og utvikling.
Menneskekroppen vart eit tema for ny vitskap og ny kunnskap.
Høgde, vekt, brystmål og muskelkraft hos norske rekruttar i 1860-åra viste at «den norske nationale soldats» gjennomsnittshøgd var 163–166 cm. Minstemålet, lågmålet, for militærteneste var 155 cm. Var du kortare enn det, vart du klassifisert som undermålar. Du var undermåls. Ei gransking frå Stavanger i 1869 viste at av 343 vernepliktige var 15 – 4,2 prosent – undermålarar. Seks av desse 15 var så nære lågmålet at dei vart sette «på tilvæxt» eitt år. Fem som alt hadde stått på tilvekst, utan å nå opp, vart sette til å lage mat. Resten vart «casseret».
Eit nytt ord, med ei presis tyding, var komen inn i språket. Ein undermålar var ein mann som var for småvoksen til militærteneste. Om Språkrådet hadde eksistert den gongen, ville nok ordet kome på lista over årets nyord.
Det nye ordet spreidde seg rundt i samfunnet, og fekk eit langt og godt liv. Det finst framleis, både her og der, om ikkje lenger i forsvaret, der det var født.
Det låg forsvarstenking bak. Korpslege Carl O.E. Arbo gav ut eit stort verk: Om Sessions-Undersøgelsernes og Recruterings-Statistikens Betydning for Videnskaben og Staten. Der hevda han at dette var viktig i ei tid «hvor så godt som alle staters opmærksomhed er concentreret på deres militærvesen, dets størst mulige udvikling og hensigsmæssige ordning.» Det var folkets verneevne det handla om.
Dessutan handla det om pengar. Ved å sile undermålarane ut på sesjonen, sparte ein dei pengane det ville koste å ha dei gåande på rekruttskulen i vekevis, før dei likevel måtte kasserast og sendast heim. Arbo laga kart over funna sine, der fargane fortalde kvar det var mest undermålarar. Så kunne staten gripe inn med helsetiltak.
Han gjorde interessante funn. Det var eit «factum» at «Hardangerne er høie og smukke folk», medan bygdene Helleland og Bjerkreim hadde «en svagtbygget, tynd og mager ungdom, hvilket også viser sig ved deres ringe middelbrystvidde». I Lunde, Heskestad og Sogndal «fandtes enkelte pene, kjække folk». Ungdommen i Strand «så besynderlig forknyt ut». På Jæren var folk «firskårne og plumptbyggede (…) med grove, ei synderlig intelligente ansiktstræk». I Bergenske brigade fanst «de mest charakteristiske og originaleste typer (…) så vel i åndelig som i legemlig henseende».
Men materialet var problematisk og vanskeleg å tyde for korpslegen. Det viste seg at det på Vestlandet var ein positiv samanheng mellom stor kroppshøgd og stor tenestedugleik, medan denne samanhengen på Austlandet var negativ.
Arbos rekruttmålingar var del av ei europeisk rørsle der ein skulle, så langt det gjekk, skildre mennesket kvantitativt. Først ute med slike tankar var den tyske legen Johann Elsholz, som i 1663 gav ut boka Anthropometria, som tyder menneskemåling på norsk. Svensken Harald Valerius gav i 1705 ut ei bok der han samanlikna ulike rasar med slik teknikk. Frenologien, eit nytt fag, spesialiserte seg på menneskets hovudskalle. Ved å studere forma på skallen kunne ein seie mykje om dei åndsevnene som var inne i denne skallen.
Frenologien vart ein stor og omfattande vitskap, med plass på fleire universitet. Svenskane var langt framme. Anders Retzius, anatomiprofessor ved Karolinska Institutet i Stockholm, gav i 1843 ut boka Om Formen af Nordboernes Cranier, og året etter la han fram funna sine på ein konferanse i Kristiania. Det fanst to skalleformer: kortskalla og langskalla. Hans tolkingar av funna var oppsiktsvekkjande. Skalleforma fortalde historia vår. Steinaldermenneska var kortskalla. Så vart dei invaderte av ariske langskallar, med indoeuropeisk språk. Samar, kvener og baskarar var restar av kortskallefolket. Vi andre var ei blanding av kortskallar og langskallar.
Og skalleforma vår fortalde oss og andre kven vi var og kva vi tenkte.
Desse ideane utløyste mykje underleg vitskap og mykje underleg tenking, som etter kvart fekk ein framståande plass i vitskapens raritetskabinett.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.