Teknologi
Teleslyngje
Teleslynger kan ein finne på toget, på sjukeheimar og i store forsamlingssalar.
Foto via Wkimedia Commons
Til kvart einaste problem finst det ei løysing. Med alderen høyrer ein dårlegare. Ikkje noka sut, det er berre å skru opp volumet på TV-en.
Så bankar det på døra. Det er naboen med blå ringar under auga som ringjer på. Han får ikkje sova på grunn av dine nattlege fjernsynsvanar. Ord som kunne vore unngått, vert veksla. Korleis kan ein hindra slike konfliktar?
Teleslyngje er svaret. Kva er det? Det ligg i ordet. Det er ein spole ein kan leggja rundt i huset eller ved godstolen. I staden for, eller i tillegg til, å senda ut lyden direkte frå fjernsynet, vert elektriske signal som varierer med lyden, sende ut i spolen.
Når det går straum i ein leidning, vert det danna eit magnetisk felt rundt. Ein styrkjer det magnetiske feltet ved å kveila leidningen opp i ein spole. Når så straumen varierer i takt med lydsignalet frå TV-en, vert det eit varierande magnetfelt rundt spolen. Dette induksjonsprinsippet vart fyrst oppdaga av Michael Faraday i 1831.
Høyreapparat har ein tilsvarande spole. Når ein set apparatet i teleslyngemodus, mottek det lydsignal frå fjernsynet. Den høyrselshemma kan då kosa seg med lyd frå TV-en utan å verta plaga av bakgrunnsstøy, og dimed skru ned styrken på volumet. Det vert naboane særs glade for.
Kvar finn ein teleslyngjer? Om lag alle stader der eldre folk ferdast. Eg ser teleslyngjesymbolet på toget, på sjukeheimen og i store forsamlingssalar. Eg gler meg alt til å kunna spela Led Zeppelin på luftgitar når eg kjem på heimen, utan å forstyrra nokon andre enn meg sjølv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.