Dyrisk
Kloning
Den vesle ferskvassfisken Amazon Molly befruktar egga sjølv og treng ikkje hannfisk.
Foto: A.C. Tatarinov / iNaturalist
Milliardær Kristin G. Andresen skal neste år hente heim tre klonar av den populære varmblodshingsten Donkey Boy. Kloninga skal vere gjord av kjærleik til den høgt premierte dressurhesten som fekk ein brå slutt på den aktive karrieren etter ein skade i 2022. «Det må vere lov å vere litt gal», seier Andresen til NRK, men skal det vere så lett å avfeie alle dyreetiske og moralske innvendingar til kunstig masseproduksjon av levande dyr?
Kloninga av Donkey Boy, som blir gjord av det amerikanske firmaet Viagen, kostar om lag 1 million kroner. Klonane skal fôrast fram i USA, deretter går turen til Danmark for registrering i det danske varmblodsregisteret før dei blir sende vidare til Noreg.
Her i landet har vi førebels forbod mot kloning av dyr, men det er fritt fram for å klone dyr i utlandet og så hente kopiane heim.
Unaturleg
Eksperimentell kloning av dyr byrja med froskar på 1950-talet, men skaut fart for alvor med kloninga av sauen Dolly i 1996. Den største praktiske ulempa med kloning av dyr er at dei fleste fosterspirene ikkje vil overleve prosessen. Dolly var ei av over tre hundre eggceller, berre ho levde opp til eit ikkje altfor langt og lukkeleg liv. Ho levde rett nok i seks år, fekk fleire lam og spelte ei viktig rolle i forskinga på stamceller. Men sjølv sleit ho med både leddsjukdom og lungebetennelse, og blei berre seks år gamal.
Det skotske forskingsinstituttet som stod bak forsøket, meinte sjukdomane ikkje hadde nokon samanheng med kloninga, og seinare undersøkingar av liknande saueklonar har ikkje vist særleg store helseproblem. Mange andre studiar har likevel vist at alle typar av klona dyr har dårlegare helse enn dei som er fødde på normalt vis, særleg tidleg i livet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.