Teknologi

Optisk teikngjenkjenning

Filosofen Herman Tønnessen får det evige livet han har ynskt seg. Boka hans vert digitalisert og sikra for komande slekter.
Publisert Sist oppdatert

Plutseleg sit ho ved sida av meg, tyrkiske Asuman Kolbasi, som skal forska på protonstråling.

– Kva held du på med, spør ho.

– Eg underviser studentar i elektrofag og førebuande. No skal eg skremma dei til å verta interesserte i filosofi, med hjelp frå Noregs største filosof, Herman Tønnessen.

Ho ser bort på den slitne lefsa av Jeg velger sannheten som eg held mellom nevane. Mykje av teksten står på halv åtte, og eg har brukt eit hav av tid med Adobes PDF-lesar til å kjenna att teksten på dei fyrste sidene, og det er hundre sider att.

– Eg kan hjelpa deg. Eg har eit verktøy som gjer teksten horisontal, slik at optisk teikngjenkjenning vert mykje lettare. La meg bruka helga på det. Det skal jo regna i bytter og spann likevel.

Ei Word-fil dunkar inn i e-posten sundag kveld. Eg opnar. Ei openberring. Med Kolbasis hjelp er den viktigaste filosofiboka vi har, no gjord digital, slik at det er mogleg å gjera tekstsøk i henne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement