Politikk
Trur støtta til Støre blir ustø
Det er ikkje gjeve at Arbeidarpartiet har sikra regjeringsmakta for fire nye år, meiner tidlegare Ap-politikar Bjarne Håkon Hanssen.
FARGERIKT: Marie Sneve Martinussen (Raudt), Kirsti Bergstø (SV), Trygve Slagsvold Vedum (Sp), Arild Hermstad (MDG) og Jonas Gahr Støre (Ap) under partileiarrunden måndag kveld.
Foto: NTB
«Dei raudgrøne vann valet», var omkvedet måndag kveld. Men kva inneber eigentleg det? Sp, SV, MDG og Raudt vil alle ha Støre som statsminister. Men det finst ingen raudgrøn koalisjon. Arbeidarpartiet står fritt til å hente fleirtal der dei vil i Stortinget. Og da går tankane til Stoltenberg I, den kortlevde mindretalsregjeringa til Ap frå 2000–2001, som køyrde slalåm i Stortinget i rasande fart. Gjev dette eit frampeik om styringa av Noreg dei neste fire åra?
Ein med relevant erfaring er Bjarne Håkon Hanssen, som var statsråd både i Stoltenberg I-regjeringa og i den raudgrøne fleirtalsregjeringa til Ap, SV og Sp frå 2005. Han gjekk over til rådgjevingsbransjen i 2009, og er i dag partnar i selskapet Kruse Larsen.
Krevjande
– Kva styringsgrunnlag har eigentleg Ap no? Det er inga raudgrøn plattform, ingen samarbeidsavtale. Det regjeringa har, er fire parti som alle stiller med store krav.
– Det er ingen tvil om at dette er krevjande for Støre. Vi har aldri før hatt ein situasjon der regjeringa må ha støtte frå fire andre parti for å få budsjettet gjennom. Ein parlamentarisk situasjon der fem parti må bli samde, er noko historisk nytt.
– Dei fem partia har i tillegg stort politisk sprik. Det er langt frå Senterpartiet til MDG eller Raudt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.