Kommentar

Høgrebølge utan Høgre

Høgre bygde truverd som reformkraft. No kan Framstegs­partiet ta over rolla som folkepartiet på høgresida.

Dei første valprognosane kjem inn på Høgres valvake måndag kveld.
Publisert Sist oppdatert

Om det gjekk ei høgrebølge gjennom landet måndag kveld, var ho ikkje innom Høgres valvake i Oslo. I nabosalen på Radisson Blu hotell var det jubel på valvaka til Kristeleg Folkeparti. Hos Høgre, derimot, var fleire alt på veg heim då Erna Solberg gjekk på scena litt over klokka elleve. Då var det klart at Høgre hadde gjort eit av sine dårlegaste val nokosinne – og mista posisjonen som det dominerande partiet på borgarleg side.

Tilbake til start

Dermed er Høgre tilbake til oppslutninga dei hadde under Erna Solbergs første val som partileiar. Også den gongen sleit partiet i skuggen av Frp. Men sjølv om eit valresultat på 14,6 prosent er historisk dårleg, er korkje posisjonen som landets tredje største parti eller eit valresultat på under 20 prosent uvanleg for Høgre. I etterkrigstida har partiet hamna under 20-talet like ofte som over. I motsetning til konservative parti elles i Europa, som gjerne har styrt åleine over lange periodar og fått valresultat på mellom 30 og 40 prosent, har Høgre slite med å etablere seg som eit breitt folkeparti.

Reformparadokset

I Noreg var det Ap som fekk rolla som dominerande folkeparti. I staden har Høgre ofte enda opp med å korrigere Ap på enkelte politikkområde. «Høyres oppgave ble å stabbe imot, men la seg trekke med», sa historikaren Jens Arup Seip i eit foredrag om Høgres partihistorie i 1980, «det var lite inspirerende og lokket ikke velgerne».

Hadde Seip sett meiningsmålingane det året, ville han nok mildna ordbruken. Året etter gjorde nemleg Høgre sitt beste val i moderne tid. Kåre Willoch blei statsminister med løfte om å redusere reguleringane og effektivisere velferdsstaten. På 1980-talet var det Høgre som skulle modernisere landet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement