Frå matfatet
Har godteriposen endeleg vorte kvardagskost?
Kjenner du trongen? Det er kroppen og hovudet som forråder deg samstundes.
Søtsug, seier du? Stakkars deg, seier eg då, for denne dragninga til å putte noko søtt i munnen, tygge på det og kjenne gleda og roa spreie seg i kroppen er ikkje til å kimse av.
Søtsug kan ha mange mentale årsaker: vane er éi, svolt ei anna, keisemd ei tredje. Men som om dette ikkje var sterke nok påverknader i seg sjølv, stiller kroppen med høgst fysiologiske påverknadskrefter i tillegg. Blodsukkernivå har sjølvsagt mykje å seie. Ein høg topp følgd av eit raskt fall får naturleg nok kroppen til å ønske seg attende til toppen igjen.
Men også hormona i kroppen din er med og påverkar. I 2017 fann danske forskarar eit hormon i levra som dei knytte til om vi kjenner søtsug eller ikkje. Lønningshormonet dopamin kan skrike ut etter sukker, det same kan lukkehormonet serotonin, og dei svoltregulerande hormona ghrelin og leptin kan av og til gå litt i surr og seie du er svolten sjølv når kroppen eigentleg ikkje treng mat. Ja, sjølv bakterieinnhaldet i tarmen kan ha noko å seie for kor ofte og sterkt du kjenner trong for søt mat med rask energi.
Impulshjelp
Spørsmålet vert då kva vi skal gjere med dette suget etter det søte. Kor sterke kan vi forventast å vere, kva skal vi gjere for å stå imot? Kiwi har det siste dryge året prøvd å hjelpe oss å unngå sukker ved å tilby sukkerfrie kasser – altså ikkje ha sukkerhaldige produkt nær kassa, slik at vi kundane skal sleppe å kjøpe sukker på impuls fordi vi vert så svoltne og sugne der vi står og ventar på å få betale.
Eitt av produkta dei har tilbydd oss som alternativ – for noko må jo stå der, nærmast kassa – er sukkerfritt godteri frå produsenten Pända: «1g of sugar per bag» står det på dei 50 gram tunge posane som kan smake som Sour Cola eller Candy Cherry, Candy Strawberry eller Fizzy Bottles.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.