Krig
Dronar og frykt
Russarane freistar å få ukrainarane til å vende seg mot si eiga regjering, som har innført nye tiltak for å redusere dei sosiale spenningane i Ukraina.
Russarane gjekk inn for å ta bonden Oleksandr Gordienko. 5. september vart han drepen i eit droneåtak på garden sin.
Sist sundag kveld var vi samla i hagen til ein ven for å ete middag og sjå på måneformørkinga. Men først måtte vi sjå på russiske dronar som flaug over oss. Ein av dronane vart skoten ned av eit ukrainsk F-16-fly rett framfor auga våre. Dronen datt ned i skogen like ved, og vi trudde ikkje han gjorde stor skade, elles ville vi høyrt om det. Så vi kunne konsentrere oss om måneformørkinga, letta over å ha noko anna enn krigen å snakke om.
Krigen i himmelen over Ukraina har gått føre seg i over tre år. Inntil nyleg sende Russland storparten av dronane og missila sine i ly av mørket, når det er mykje vanskelegare å skyte dei ned. Men no er det både missil og dronar over ukrainsk jord til alle døgnets tider.
Det verkar lite truleg at årsaka er overproduksjon av flygande krigsmateriell. Meir truverdig er det at Russland gjer det for å auke presset på ukrainarane, så frykt blant innbyggjarane, få dei til å vende seg mot si eiga regjering og avslutte krigen på kva vilkår som helst, det vil seie på Russlands vilkår.
Styrkinga av den russiske terroren mot sivile er òg eit svar på dei vellukka ukrainske droneåtaka mot russiske oljeraffineri, som har skapt drivstoffmangel i Russland. Storparten av den russiskproduserte bensinen og dieselen blir send til hæren, og berre restane når fram til bensinstasjonane og dei sivile som treng drivstoff.
Resultatet er at hundrevis av bilar står i kø ved bensinstasjonane, og etter å ha stått i kø i eit par timar får russiske bilistar til vanleg berre ti liter per bil. Sjølvsagt er dei misnøgde. Dei deler videoar om drivstoffkøane og illsinte kommentarar om situasjonen, men sjølvsagt ytrar dei seg ikkje mot den russiske leiarskapen, og dei vil ikkje krevje ein slutt på krigen på noko vilkår. Dei vil halde ut.
Kor lenge den massive droneduellen vil vare, er uråd å seie, men det er vel kjent at russiske dronar vil halde fram med å bombe Ukraina sjølv om ukrainske dronar slutta å krysse frontlina og råke russiske oljeraffineri.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.