Leiar

Ei svekt regjering

Oslo 20250908. Partileder Jonas Gahr Støre går på scenen etter at valgresultatet er klart på Arbeiderpartiets valgvake på Folkets Hus under stortingsvalget 2025.Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Jonas Gahr Støre på scene etter at valresultatet for 2025 var klart.
Publisert

Fem parti skal utgjera det komande regjeringsgrunnlaget. Då vert det mange som skal ha gjennomslag for kjernesakene sine. Det lovar ikkje bra. Vi har fått ei svekt regjering.

Ta SV og Senterpartiet. SV har fått ei stor utfordring med eit like stort radikalt parti til venstre for seg. Det skal politisk kløkt til å handtera det. Alt no har SV mista delar av høgresida i partiet. Det SV kan vinna på, er at dei historisk har større tillit inn mot Arbeidarpartiet enn Raudt og MDG.

Sp med markeringsbehov

Trygve Slagsvold Vedum seier sjølv rett ut at partiet hans vert krevjande å ha med å gjera: «Ingen kan ta Senterpartiet som sjølvsagt», som han sa valnatta. Det trur vi på. At dei knapt kom over sperregrensa i Hordaland, fortel oss at partiet har eit stort markeringsbehov. Avgjerande for Arbeidarpartiet vert no i kor stor grad dei fire støttepartia godtek at Ap søkjer fleirtal over blokkene.

Men det ville ikkje vore lettare på motsett side, om dei hadde fått fleirtal med eit Venstre over sperregrensa. Med Frp som det klart største partiet kan høgresida sjå langt etter ei felles regjering. Skal ei regjering fungera, må statsministeren koma frå det mest samlande partiet. Det er ikkje Frp. Vi kjem ikkje til å få ei mindretalsregjering med berre Frp.

Pengar og val

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement