Teknologi
Vern i varmen
Per Thorvaldsen skriv om sveitte og remedien deodoranten.
Når temperaturen blir høg, blir folk flest sveitte, særleg under armane.
Foto: Martin Meissner / AP / NTB
Det er tropevarme. Eg svimar oppover ei fullstappa Karl Johans gate medan eg sveittar som ein hest. Det er ingen avkjølande effekt av sveitten då luftfukta er om lag 100 prosent. Den nakne sola sender 1365 watt stråling per kvadratmeter.
Det er ingen nåde. Eg stinkar òg. Her må noko gjerast fort. Eg tek mot til meg og entrar eit parfymeri. I frimerket av ei herreavdeling sprayar eg meg med diverse deodorantar for å fjerna lukt og reetablera sjølvrespekt.
Kva er det eg utset meg for? Skrifta på produkta er nærast uleseleg, men med mobilkameraet som lupe tek eg eit bilete. No er det berre å setja seg i skuggen med noko godt og kjølande i glaset medan eg undersøkjer korleis ein deodorant verkar.
Ein deodorant fungerer på tre ulike vis, ved å maskera stank, drepa bakteriar og hindra sveitte. Parfyme tek seg av maskeringa, og eg luktar no so godt at kvinna i mitt liv vurderer å setja seg på nabobordet.
Kroppen har ei temperaturregulering som vert styrt av hypothalamus, ein del av hjernen som oppfører seg som kroppens termostat. Når kroppen vert for varm, utløyser hypothalamus mellom anna sveitting for å få ned temperaturen.
Når sveitten fordampar av kroppen, gjev det ein kjølande effekt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.