Frå matfatet
Søtstoff
Null kaloriar kan vere sjølve symbolet på galskapen.
Utsjånaden bedrar: Det ser ut som sukker. Det smakar søtt. Men erytritol er i ein heilt annan liga.
Foto: Wikimedia Commons
Finst det gratis søtsmak? Eller, med andre ord, finst det sukkererstatning som gjer maten søt utan negative bieffektar? Ja, vi har vore innom det før, men det er ei stund sidan, og når søtstoffprodusentane stadig kjem med nye variantar og nye argument, så må jo vi henge med i svingane.
Denne gongen er det Vitalkost og deira produkt Sugarish vi skal gå etter i saumane. «Et nytt søtningsmiddel som har funnet veien inn i Rema-hyllene», ifylgje bransjebladet Dagligvarehandelen.
Vel. Vi skal byrje med å slå fast fortare enn svint at Vitalkost ikkje har funne opp noko nytt søtstoff. Sugarish består av erytritol og steviolglykosid. Erytritol har vi kjent lenge – den kalorilause sukkeralkoholen som verken gjev blodsukkerstigning eller insulinreaksjon, blir gjerne seld under merkenamnet Sukrin. Steviolglykosid er dei intense søtstoffa som finst i steviaplanta.
Det som er nytt her, er at produsenten har blanda dei to stoffa i eit forhold som gjer sluttproduktet like søtt som sukker. For der erytritol er mellom 60 og 70 prosent så søtt som vanleg bordsukker, er steviolglykosid rundt 300 gonger søtare – og blandar ein dette i rett forhold, får ein eit produkt som enkelt kan erstatte sukker i alle oppskrifter.
Mengda betyr noko
Men produsenten stoppar ikkje hyllinga av produktet sitt der. «Med hjelp av våre fabrikker i Skandinavia har vi klart å lage en sukkererstatning som ikke bare er like søt som sukker, men som også er naturlig», seier produktsjef i Vitalkost Egil Berli-Johnsen til Dagligvarehandelen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.