JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Sjølvtenning

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2363
20180202
2363
20180202

Mange av oss vil heller tenna på ein idé enn å tenna på eit hus. Me kan gjerne tenna ein fyrstikk og tenna opp i peisen, men me vert ikkje tende av tanken på lauseld. Det finst mangt anna å tenna på, og det meste kan tennast utan tennvæske. Men korleis tenner du ei von i nokon?

Ei von er korkje handgripeleg eller klårt avgrensa, og det same kan me seia om mange andre kjensler og stemningar. Difor er det gjevande å kopla dei i hop med meir handfaste fenomen. Ihuge, von og (nyvekt) interesse kan minna om noko som logar opp og brenn, fylgjeleg har me vendingar som «talaren kveikte møtelyden», «han brenn for saka», «ei ny von tendest for oss» og «boka tende studentane». Men sameleis som du kan brenna for sterkt og verta utbrend, kan du få overtenning. Då er du so spent og gira at du ikkje greier å yta ditt beste.

Det mangslungne verbet tenna har grunntydinga ‘få til å brenna’. Me finn det i mellomnorsk (tenda), dansk (tænde) og svensk (tända). Norrønt tendra er ei sideform, truleg avleidd av tandr (‘eld’). På Island og Færøyane heiter det framleis tendra, og det hender at denne forma ter seg i norsk òg: «Mor tendra i omnen.» Ein annan slektning av tenna er engelsk tinder (‘knusk, brennevyrke’), som òg er namnet på ein kjend datingapp: På Tinder skal gneistane fyka, og kjærleikselden skal loga opp. Tinder dukkar elles opp i samansetjinga tinderbox (eig. ‘eske med knusk, flint og fyrstål’), som sidan 1500-talet òg har vore nytta om snarsinte folk – ikkje ulikt vårt kruttynne.

Me kan dimed slå fast at både livlause saker og levande skapningar kan vera lett(an)tennelege. Tenninga kan vera eksplosjonsarta, som når nokon «tenner på alle pluggane» (jf. tennplugg). Skal tru om det då hjelper å slå av tenninga? Og so skal me ikkje gløyma at tenning òg vert nytta om dragnad og drifter: «Det var inga seksuell tenning mellom dei.» «Nokre tenner på skor med høge hælar.» Betennelse er òg ei slags kroppsleg tenning, men ikkje av det trivelege slaget. I tillegg til betennelse (av dansk betænde, eig. ‘setja i brann’) har me dei nærskylde orda brune og brann (t.d. lungebrune, lungebrann). Elles har me inflammasjon av latin inflammare (‘tenna, setja fyr på’). Alle desse nemningane målber at noko er sett i brann. Men kven i all verda tende på?

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis