Revolusjonar?
Kunstverk frå Ur eller Mesopotamia laga om lag 2550–2400 f.Kr.
Foto: Frank Frankling / AP / NTB scanpix
Revolusjonar er maktskifte. Etablerte makthavarar blir styrta, og nye tek over. Historia er full av revolusjonar. I ettertidas ettertanke kan ein fundere på kor viktige dei er. Samtida opplever dei som dramatiske, det flyt gjerne blod også. Og historikarane er opptekne av dei.
Men det ser ut til å vere eit mønster at dei nye makthavarane, dei revolusjonære, tek makta opp i seg. Dei er like maktglade som dei gamle var. Den bolsjevikiske revolusjonen i 1917 fjerna eineveldet og tsaren. Men tsaren dukka fort opp igjen, under andre namn, som Josef Stalin og Vladimir Putin. Den kinesiske revolusjonen gav ikkje makta til folket, slik det vart sagt. Han gav makta til Partiet. Det hadde folket berre å finne seg i. Frankrike har hatt fleire revolusjonar enn dei fleste. Men framleis er Frankrike eit av dei mest sentralstyrte landa i Europa, med ein mektig og aktiv stat, i tradisjonen frå Ludvig XIV.
Dette er dei politiske revolusjonane, oppe i toppen av samfunnets maktapparat.
Revolusjonane nede i samfunnet, i produksjonsapparatet, i det Karl Marx kalla basis, har langt meir varig og samfunnsformande effekt.
Jordbruket var ein samfunnsformande revolusjon, som dukka opp seint i den lange historia. Lenge levde menneska av det naturen gav, utan at menneska hjelpte til. Jakt, fiske og sanking skaffa maten. Så byrja menneska å hjelpe plantane, ved å grave i jorda, ved å vatne, ved å sortere matplantane og velje dei beste, ved å fjerne ugraset og ved å ta hand om ville dyr, slik at dei kom til å produsere verdfull mat på lett tilgjengeleg vis. I dei store kulturane, som Egypt, Babylon, India og Kina, var det vatningsanlegga som la grunnlaget for meir effektiv plantedyrking. Det starta i Egypt for minst 6000–7000 år sidan. Det eldste vitnemålet om mjølking og handtering av mjølk er frå Ur i Kaldea, eit relieff i stein, minst 5000 år gammalt. Arkeologar meiner at husdyrhaldet godt kan vere eit par tusenår eldre, på dei iranske høgslettene.
Ved jordbruket vart matproduksjonen tryggare og rikare. Bøndene – matprodusentane – kunne få eit overskot. No måtte ikkje alle sanke mat. Folk kunne flytte tettare saman, i byar, fordi dei fekk inn overskotsmat frå omlandet. Nye yrke kunne oppstå, frie for sorg for maten, som prestar, byråkratar, statsstyrarar, kunstnarar og mykje meir. Jordbruket og den aukande matmengda gav rom for eit åndeleg liv, for kunst, for den rike variasjonen av yrke og aktivitetar vi har i våre moderne samfunn, og som vi ser på som naturgitte. Naturgitte er dei ikkje. Dei dukka opp då det veksande jordbruket skaffa maten også dei trong. Jordbruket var det første store spranget mot det vi dag kallar moderne samfunn. Det var ein av dei store revolusjonane i historia. Utgangspunktet for revolusjonen var ein enkel tanke: Vi skal hjelpe naturen med vår eigen mat.
Den neste store revolusjonen av dette slaget, den einaste som kan måle seg med jordbruket i samfunnsforming, er den industrielle revolusjonen. Han blir gjerne datert til England kring år 1800, og også for denne revolusjonen var utgangspunktet ein enkel tanke: Vi skal få energien til å gjere arbeidet. Det var gjort før. Seglet samla energien i vinden og dreiv fram båten. Energien i vatnet dreiv kvernar og andre verksemder og gjorde eit nødvendig arbeid. Hestar og oksar gjorde fôret om til arbeid på markene. Det nye ved den industrielle revolusjonen var at det vart skapt maskinar som kunne omforme energien i kol til arbeid, dampmaskinen er det mest kjende dømet. På ein arbeidande dampmaskin kunne ein så kople nye maskinar, som i tekstilindustrien.
No var store energimengder tilgjengelege, gjerne konsentrerte på ein stad. Fabrikken kunne kome inn i historia, med sine svære bygningar, sine store maskinar, og sine store flokkar av arbeidarar. Stordrifta var komen.
I motsetning til vasskrafta var dampkrafta flyttbar. Produksjonen kunne plasserast kvar som helst, om det fanst kol der, eller om kol kunne førast dit. Det siste var den dampdrivne jernbanen vel skikka til, og dampbåten, om kolet skulle fare sjøvegen. No kunne ein i prinsippet produsere kvar som helst. Det kom til å påverke busetnaden drastisk. Den industrielle revolusjonen endra landa fysisk.
Andre kom etter engelskmennene, Belgia først, og etter kvart Frankrike. Tyskland var oppdelt i småstatar, og kom seint, men godt då dei kom. USA og Russland kom også seint med, men også dei kom då dei kom. Noreg fekk sine første dampdrivne tekstilfabrikkar kring 1850.
Desse to revolusjonane – jordbruket og industrien – har forma menneskelivet langt meir enn alle dei palassrevolusjonane historia kan vise fram.
Og om vi ser på den lange historia, kom dei seint med der. Men då dei kom, tok dei hovudrolla.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.