JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Ost

På tide å hente ostehøvelen fram frå skuffa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kvit og brun ost: Norskare vert det ikkje. Men kor lenge tek vi oss råd til å prioritere vår eigen matproduksjon?

Foto: Gorm Kallestad / NTB

4075
20230224
4075
20230224

Matprisar er i vinden som aldri før, men kva gjer vi eigentleg for framleis å ha råd til å ete oss mette? Kor sparer vi? Klarar vi å ete like sunt? Kva med prinsippa våre – vil den sterke støtta norsk matproduksjon har, overleve gjennom dyrtida, ikkje berre i hovudet, men i konkrete handlekorger?

Både hjå Oda og hjå Meny kan du i dag kjøpe tre typar gräddost: Den mjuke, milde og fløyterike osten vert seld i to variantar frå Tine og éin frå danske Arla. Den danske varianten kjem i skiver og kostar 204 kroner per kilo hjå Oda og 237,60 kroner per kilo hjå Meny. Det norske, ferdigskiva alternativet kostar 237 og 290 kroner per kilo hjå dei to ulike kjedene.

Her er det altså pengar å spare på å flagge ut matinntaket sitt. Men vent litt – har vi ikkje éin variant til?

Visst har vi det. Den heile norske gräddosten kostar 131,32 kroner per kilo hjå Oda og 156,32 kroner per kilo hjå Meny. Sjølv hjå lågpriskjeda er altså skiveosten dyrare enn den heile osten på supermarknaden. Hjå Oda er prisskilnaden på den skiva og den heile norske gräddosten heile 45 prosent.

Og dette gjeld ikkje berre gräddost. Hjå Spar kostar til dømes 500 gram Norvegia i blokk 145,80 kroner per kilo, medan 150 gram skiva Norvegia kostar 219,33 kroner per kilo. Prisskilnaden er på 34 prosent.

Dårleg argument

Denne prisskilnaden føreset sjølvsagt at heile osten vert eten opp – og her ligg gjerne kronargumentet for ferdig skiva ost gravlagt: Mange av oss et så lite ost at vi ikkje klarer å ete opp ei heil bokk. Difor løner det seg å kjøpe ferdigskiva. Godt for å minske matsvinnet er det òg.

Men held dette argumentet? Kvitost er jo ikkje eit produkt som vert fort øydelagt. Tvert om: Kvitost er skapt for lagring. Får han riktige forhold, vert han berre betre og betre med tid.

Dei aller beste forholda har han sjølvsagt på meieriet, men det skal særs lite til å lage gode lagringsforhold heime i ditt eige kjøleskap. Skaff deg ei osteklokke: Ein plastboks med lokk held osten frisk mykje lenger enn i den opprivne plastpakningen han kjem i frå butikken, og han kan brukast om att og om att. Eller pakk han inn i eit vokspapir, dei kan òg brukast mange gonger.

Riv sjølv

Dessutan: Ost i heil blokk er ikkje berre billegare enn ferdig skiva ost – han er billegare enn riven ost. Hjå Oda kostar 500 gram Norvegia 109 kroner per kilo, medan Tines Revet Ost Original kostar 139,67 kroner per kilo. EMV-produktet Revet ostemix frå Rema 1000s The Taste Lab produsert av Synnøve Finden kostar 174 kroner per kilo.

Vert osteblokka di litt gul i kantane, er det altså berre å rive ho opp og bruke ho med ein gong – eg tør påstå at alle restemiddagar vert betre om dei får eit dryss smelta ost over seg. Slik kan osterestar hjelpe deg med å ete opp maten din, noko som er bra for både lommeboka og miljøet. Du kan òg hive osten i frysaren. Frosen ost er ikkje noko å legge på skiva, men til smelting og gratinering fungerer han på linje med fersk ost.

Det er lov – ja, endåtil riktig og viktig – å klage på høge matvareprisar og ikkje minst sette spørsmålsteikn ved kor verdiane vert av. Ifylgje Norsk melkeråvare – tidlegare Tine Råvare – får bonden for tida betalt om lag seks kroner literen av meieriet. Frå ti liter mjølk får vi om lag eitt kilo kvitost og eitt kilo brunost. Når ein hjå Oda får kjøpt eitt kilo brunost for 93 kroner og eitt kilo kvitost for 109 kroner, begge frå Synnøve Finden, seier eit raskt reknestykke at profitten på råvara er om lag 140 kroner. Så kjem sjølvsagt utgifter til straum, personale, drivstoff, løype, emballasje og tusen andre faktorar som gjer det umogleg for oss, no, å finne ut kor profitten vert av – der må vi lite på eit av dei tallause utvala som er sette ned dei siste månadene.

Medan vi ventar, kan det løne seg å vere litt lur. Ved å legge inn eit minimum av innsats er det pengar å spare – og dei fleste av oss har alt både ostehøvel og osterasp heime. No er det på tide å ta dei i bruk.

Kjøper eg skiva ost? Nei takk, i tronge som i gode tider er det heile ostar som gjeld.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis