JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

Orden i sysakene

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2368
20220930
2368
20220930

Me kan sy saman eit skriftstykke utan å røra ei synål og byda nokon skreddarsydde løysingar endå me ikkje er skreddarar. Vonde tunger vil ha det til at syklubbar driv meir med slarv enn sying.

Om me saumfer slike utsegner, ser me at dei ofte botnar i eit tvilsamt kvinnesyn. Det er elles fullt mogleg å tala og sy samstundes, og mange karar driv med saum og hevdar seg i symeisterskapane. Sying er i vinden! Verbet sauma er det ikkje.

Sy og sauma kjem av same rota og har same hovudtydinga (‘festa i hop med nål og tråd’), so kan henda er det eitt feitt kven av dei me nyttar. Men det er sauma som har stått sterkast hjå oss. I norrøne kjelder ser me mest ikkje snurten av sy, medan sauma er lett å finna. Det er det ordet islendingar og færøyingar nyttar (isl. sauma, fær. seyma). Sy svingar seg i skandinavisk og i engelsk (sew). Ordet fanst i tysk, men vart tidleg borttrengt av nähen (nærskyldt nål). Vårt sy kjem nok frå dansk. Det har like fullt kara seg inn i Norske Ordsprog: «Di finare ty, di seinare å sy.»

Den gåtefulle rota som har gjeve oss sy, saum og sauma, har elles gjeve oss syl. Kan henda høyrer sysla til her òg. Sysla kan fyrst ha vorte nytta om vanlege verksemder som sauming, samanbinding og nagling, og so har den vide tydinga ‘arbeid, verksemd’ vakse fram herifrå. Substantivet saum står i alle høve støtt og har ikkje gått opp i saumen enno. Dei eldste tydingane er ‘sying’ og ‘rad av sting’, medan tydinga ‘spikar’ er yngre (jf. hesteskosaum, båtsaum).

Bokstavleg og biletleg bruk av sy-ord kan føya seg saumlaust i kvarandre: Ei sydame kan sy puter på systova og sy puter under armane på sonen når ho er heime. Fleirtalet av dei som går noko(n) etter i saumane, gjer det i biletleg tyding. Merk elles at sidemålet har søm («lære søm», «gå etter i sømmene»), men saumfare. Forma sømfare har vore nytta, men ikkje mykje.

Den biletlege syinga er mestsom berre småe sting i eit hav av handfast saum. Her finst hardangersaum, kastesaum, krossaum, maskinsaum, målsaum, perlesaum, prydsaum, sikksakksaum og mangt anna. Me syr eit plagg inn eller ut, syr i ein knapp, syr på ein lapp, kjøper handsydde skor, fasongsydd skjorte eller ferdigsydde gardiner. Når me høyrer at nokon «måtte sy», går me ut frå at det var helsepersonell som sauma.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis