JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Naturvernet dukkar opp

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gaupe på Langedrag.

Gaupe på Langedrag.

Foto: Heiko Junge

Gaupe på Langedrag.

Gaupe på Langedrag.

Foto: Heiko Junge

4050
20170825
4050
20170825

Mennesket ser ut til å vere den siste skapningen som dukka opp her på jorda. Om det ser både Moses og Darwin ut til å vere samde. Men så er det heller ingen skapning som har sett så djupe spor etter seg. Menneska har fylt opp jorda, som dei fekk pålegg om i moseboka. No er det milliardar av oss. Byane breier seg, naturen er endra.

Mennesket kunne ta for seg i naturen, og gjorde det. Naturen var mektig, og kunne stå imot. Naturen greidde seg.

Den teknologiske utviklinga gjorde at mennesket på felt etter felt fekk overtaket på naturen. Og nye tankar dukka opp. Med makt og overtak følgde ansvar. Naturvernet melde seg.

Rundt førre hundreårsskiftet var kraftutbygginga i Noreg i gang. Og konfliktane kom, mellom natur og teknikk. Dei kom til å prege hundreåret som kom, med Mardøla og Altavassdraget som dramatiske toppunkt.

Lenge før det hadde omsorga for dei ville dyra dukka opp. Elg og hjort vart freda det meste av året alt på 1500-talet. Eit par hundreår seinare kom også villreinen med i denne fredinga. Hare og fugl kom etter, seinare også freding for egg og dunvær. Beveren var ettertrakta til pels, medisin og mat, og midt på 1800-talet vart det slått alarm. Zoologiprofessor Robert Collett, son til Camilla, slo i 1897 fast at det no berre var 60–120 beverar att i landet, i fleire europeiske land var han alt utrydda. I 1899 vart han freda, saman med svaner, rapphøns og rådyr. Norsk idéhistorie, band IV, fortel denne historia.

Med rovdyra var det annleis. Dei hadde levd eit frodig liv i folkeeventyra. Bjørnen var dum og godsleg, reven var falsk og lur, ulven var rå og farleg. Gaupa og jerven fekk ikkje vere med i eventyrforteljingane.

Eventyr er éin ting. Røyndom er noko anna. Rovdyra var til plage for folk og fe. Frå 1845 til 1932 var det skotpremie på ulv, bjørn, gaupe og jerv. Kring 1850 vart det kvart år utbetalt premie for ca. 300 felte bjørnar, 200 ulvar, 100 jervar og 100 gauper. Fram til 1932 vart det skote i gjennomsnitt éin ulv i veka. Dei nye riflene, Remington og Krag-Jørgensen, effektiviserte jakta. Dei store rovdyra var i ferd med å bli utrydda.

Kring 1920 var det årlege fellingstalet for alle dei fire store rovdyra ned i eitt hundre, og talet var fallande.

Noko måtte gjerast. Lovgjevarane kom på banen. Jaktlova av 1863 fastslo at det offentlege kunne bestemme jaktmåtar, fredingstid etc. for elg, gjort og bever. Staten var på banen. Og no gjekk det unna. Ei ny lov i 1899 gav grunneigaren einerett til jakt på eigen grunn, unntatt for rovdyr.

Gjeldande viltlov er frå 1981. Ho har snudd tenkinga. I den lova er alt vilt freda, om det ikkje er eksplisitt sagt i lova at viltet kan fellast. Vilt som ikkje er nemnt i lova, kan ferdast trygt i naturen.

Å forvalte viltet, også rovdyra, er no ei offentleg oppgåve, basert i lover, med departement og direktorat, og med politi og rettsapparat som kontrollapparat. Storsamfunnet har tatt ansvaret for villdyra, også dei gamle fiendane, rovdyra.

Rovdyra, som før heldt seg i naturen, er no komne inn i politikken. Der kan det vere tryggare enn i naturen, men fredeleg treng det ikkje å vere.

Om ein bonde no får rovdyr i flokken sin, må han melde frå til lokal viltnemnd og be om fellingsløyve. Når løyvet er gitt, om det blir det, er gjerne rovdyret over alle blånar. For lenge sidan kunne han berre ta ned børsa og skyte udyret. Om han gjer det i dag, blir det politi, dom og straff.

For lenge sidan kunne bonden vende raseriet mot gjerningsmannen – rovdyret. I dag må han rette raseriet mot storting og regjering, mot storsamfunnet, som blir styrt av folk der få nokon gong har sett eit rovdyr, knapt nok ein sau.

Så har fredingsarbeidet for dei truga rovdyra våre skapt eit klassisk konstitusjonelt problem: Kor langt har eit massivt fleirtal lov å gå i sin velvilje, når eit lite mindretal må ta heile rekninga?

Så har rovdyra gått frå å vere ei plage for folk og fe, til å vandre inn i politikken, der dei plagar det politiske systemet.

Historia har underlege vegar. Rovdyra våre har gått ein slik veg.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis