JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Muskat

Trong til nøtta. Helst heile.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit frø i ein blome i eit skal i ei frukt på eit tre. Der har du muskatnøtta.

3870
20180406
3870
20180406

Enkelte spørsmål er for store til at ein kan forvente konkrete svar. «Kva er det beste du veit?» er eit slikt spørsmål. Det må snevrast inn for å vere interessant – som «Kva er det beste du veit til frukost?» eller betre «Kva er det beste du veit til frukost på hytta med kjærasten din før de skal ut å gå ein lang skitur?». For mat er jo situasjonsavhengig – smak er ikkje fyrst og fremst objektivt, men endrar seg med miljøet og sinnstemninga han vert inntatt i. Slik smakar ikkje vinen du drakk kring bålet på ei strand på Sardinia nødvendigvis det same når du opnar flaska ein vinterkald kveld du skulle ynskje du var ein annan stad.

Enkelte grunnsmakar kan det likevel vere greitt å ha identifisert. Nokre råvarer ein veit ein alltid kan vende tilbake til, som ein alltid kan skape noko eteleg ut av og som får keisam mat å smake litt betre dei dagane matlysta eigentleg ikkje står fremst i køa.

For meg er dette smør, stongselleri, koriander og muskatnøtt. Eg kan kjenne meg ørlite stressa om eg kjem inn på kjøkkenet og oppdagar at ein av desse smakane ikkje er der. Difor kjøper eg dei helst i kvanta som gjer at eg slepp å uroe meg meir enn naudsynt. For muskatnøtta sin del tyder det fyrst og fremst å halde nøttene så heile som mogleg.

Til kjernen

Muskatnøtt er eit frø på eit tre. På norsk heiter treet rett og slett muskattre, medan det på latin har fått namnet Myristica fragrans. Slektsnamnet Myristica tyder velduftande. Artsnamnet fragrans – ja, det tyder jammen velduftande, det òg. Med andre ord er det inga overrasking at vi her har å gjere med eit særs aromatisk lite frø.

Eller ... Lite? Muskatnøtta bur inne i eit skal, som igjen ligg inne i ei gul frukt på storleik med ei fersken. Når frukta er moden, opnar ho seg sjølv, og i dei tropiske regnskogområda treet veks i, vert ho gjerne brukt til syltetøy. Så vert nøtta lagt til tørk i sola med skalet på i nokre veker, kanskje til og med månader, til nøtta – frøkjernen eller kva ein no vel å kalle vedunderet – er klar til å kome ut og spreie sine velduftande aromaer over verda.

Det fyrste ein må gjer når ein opnar ei muskatnøtt, er å fjerne muskatblomen – hinna som ligg kring frøet er nemleg eit eige produkt, i sal under eige namn. Smakseigenskapane er liknande, men blomen skal vere noko mildare i smaken enn sjølve nøtta.

Det var likevel heilt inn til kjernen vi skulle i dag. Til muskatnøtta, kjent og kjær følgesvein til alt frå kjøtkaker via spinat til peparkaker, ein gong så verdifull at hadde du lomma full av muskatnøtter, var du sikra for livet.

No kostar ei muskatnøtt fem–seks kroner i butikken, noko som gjev ein kilopris på kring ein tusenlapp. Kanskje får du plass til 181 nøtter i lomma – men du kan knappast leve heile livet på dei.

Kortvarig magi

Om ho ikkje er dyr, vert ho stadig meir sjeldan. Eg må innom fire–fem butikkar før eg finn ein som sel heil muskatnøtt. Derimot vert eg nærast drukna i ferdig oppmalte alternativ.

Det er ikkje berre rart, det er temmeleg dumt – om vi trur vi sparer tid og pengar på å velje malen muskat, gjer vi oss nemleg ei bjørneteneste.

Aromastoffa som gjer muskatnøtta til det ho er, varer ikkje evig. Tvert om: Mykje av magien i dei forsvinn den fyrste tida etter at nøtta er lagd på rivjernet. Difor kjennest det ikkje berre som om du må bruke meir muskatnøtt frå glaset med den ferdig malne (for ikkje å snakke om posen som står open i skåpet), enn du må om du tek deg bryet med å rive henne sjølv – det er ei sanning. I tillegg er det ganske mykje olje i nøtta, og olje eksponert for luft harsknar. Sjølv om nøtta er hard å knekke, let ho seg rive fint opp på eit vanleg rivjarn.

Kjøper eg malen muskatnøtt igjen? Nei takk, heil muskat er nok eit døme på at latskap ikkje løner seg.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om vi trur vi sparer tid og pengar på å velje malen muskat, gjer vi oss ei bjørneteneste.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis