Dyrisk
Munn- og klauvsjuke
Klauvar peiker til himmels i likbål for tusentals storfe i Skelton i Cumbria i mars 2001, då munn- og klauvsjuka herja i England.
Foto: Dave Caulkin / AP / NTB
I 2001 låg røyken svart og tjukk over den engelske landsbygda. Meir enn 6 millionar kyr og sauar blei avliva og brende i ein desperat kamp for å stogge epidemien av munn- og klauvsjuke som herja landet. No er denne frykta dyresjukdomen igjen på frammarsj i fleire europeiske land.
Munn- og klauvsjukevirus (MKS) kan angripe alle klauvdyr, både husdyr som kyr, grisar, sauar og geiter, i tillegg til villsvin og hjortedyr. Kalvar og spedgris kan døy av hjartesvikt, men elles er det den raske smittespreiinga og dei store lidingane med feber og blemmer og utslett i munnen, på føtene og på spenane, som gjer dette til ein så alvorleg sjukdom. Viruset er eit av dei mest smittsame vi kjenner til, har evne til å overleve ei god stund i miljøet og kan spreiast over store avstandar med matvarer som kjøt og upasteurisert mjølk.
Antropogent
Sjølv om det er uhyre sjeldan folk blir sjuke, kan viruset overleve i mange dagar inne i luftvegane til menneske. Dei som har vore i nær kontakt med sjuke dyr, kan dermed skifte alle klede, dusje og desinfisere seg grundig, men likevel halde fram med å puste ut smittsame virus. Både utbrotet i Berlin i januar i år og dei seinare påvisingane i Ungarn og Slovakia i mars ser ut til å vere langdistansesmitte der menneske på ein eller annan måte har spela hovudrolla.
I Tyskland døydde brått tre kalvar i ei lita besetning med vassbøflar som gjekk på beite i ein naturpark. Først var det mistanke om blåtunge, ein annan farleg virussjukdom hos drøvtyggjarar som i det siste har spreidd seg kraftig, også hit til Noreg. Då kalvane ikkje hadde blåtunge, vart det fort mistanke om MKS, og med positive funn vart heile besetninga avliva og destruert. I tillegg vart alle dyrehagane i byen stengde for folk, tyske veterinærstyresmakter sette i gang med vaksineproduksjon og førebudde seg på ein nasjonal katastrofe.
Det skjedde heldigvis ikkje, men berre kort tid seinare gjekk det ny MKS-alarm, denne gongen på grensa mellom Ungarn og Slovakia. Her dukka sjukdomen først opp på tre gardar med mjølkekyr, og han har til no spreidd seg til åtte nye gardar. Dyra på desse gardane og besetningar i nær kontakt med dei er eller vil bli slakta og destruerte, til saman over 25.000 dyr.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.