Frå matfatet

Mjølkeproduksjon

Vert ein kvotefri mjølkeproduksjon ein produksjon på meir kraftfôr?

Robotmjølk: 62,9 prosent av norske kyr vert no mjølka av ein robot.
Robotmjølk: 62,9 prosent av norske kyr vert no mjølka av ein robot.
Publisert Sist oppdatert

Eg må innrømme at eg ikkje såg det komme: at Tine og Landbruksdirektoratet skulle late kumjølkbønder produsere så mykje mjølk dei vil i 2024.

Ikkje fordi eg ikkje var klar over at vi produserer for lite mjølk for tida. For Tine byrja 2024 med eit brak då NRK 12. januar sleppte nyhendet om at meierisamvirket hadde byrja å blande tysk mjølkepulver i yoghurten sin.

Nei, overraskinga kom av kor viktig kvoteordninga er – altså regelverket som heilt ned på gardsnivå avgrensar kor mykje mjølk kvar bonde kan produsere. Ordninga er laga for å sørgje for at det til kvar tid vert produsert høvelege mengder mjølk. Vert det overproduksjon, må bonden betale for det – slik han fram til no har måtta betale for å produsere fleire mjølkeliter enn han har kvote til: 4,90 kroner per liter har straffa vore. Men førre fredag fjerna Landbruksdirektoratet denne straffa, etter førespurnad frå marknadsregulatoren Tine.

Avgrensingar

Kvifor vågar dei dette? Ei årsak er nok at det er avgrensa kor mykje ein klarer å auke mjølkeproduksjonen på kort sikt. Frå ein kalv vert fødd, går det to år før han er ku som produserer mjølk: Ei kvige må vere eit år gamal før ho er utvaksen nok til sjølv å ta kalv, så går ho drektig i ni månader før ein ny kalv – og med det mjølka – dukkar opp.

Og sjølv om ein bonde skulle vere så heldig å ha tilgang på fleire kyr, må bonden ha plass til dei i fjøset – og det må vere plass på mjølketanken til den ekstra mjølka kyrne produserer. I tillegg må kyrne ha noko å ete: Bonden må ha både mark å slå og høve til å oppbevare det ekstra fôret før han kan ta fleire kyr under vengene sine. Det gjeld òg om han satsar på å hente meir mjølk ut av dei kyrne som alt er i produksjon: Å fôre meir næringstett kan gje meir mjølk per ku.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement