Fugleperspektiv

Mellom flodhestrygger og nordiske breidder

Strandsnipene kjem langvegsfrå for å hekke i Noreg.

Strandsnipa er ein liten vassfugl med kompakt kroppsfasong og gyngande ganglag. Foto: Sveinung Lindaas
Publisert Sist oppdatert

Ei uroleg stemme tek imot vandraren i skumringa: Nedanfor ligg det ein innsjø, og nokon flyg og ropar over vasskanten. Det er strandsnipa – ho som gjev røyst til mange norske vatn og vassdrag om sommaren.

Her er det faktisk to stykk. Ropa rører seg mot hi sida av vatnet og døyr bort i mørkeret, natta har kome. Eit av dei mange dialektnamna på strandsnipa er tittivil.

Neste dag høyrest det igjen: tittivil, tittivil. Eller: tittittivil, tittittittivil... Tal på stavingar i dei karakteristiske ropa varierer. To skikkelsar flyg over vatnet, denne gongen i dagslys. Vengjeslaga er like nervøse som songen, og fluktstilen vekslar mellom hurtig, nærmast flimrande fasar med flaksing og kortare glidande moment der vengjene står i stive bogar.

På oversida strekkjer eit kvitt band seg på langs. Hjå vassfuglar hjelper slike teikningar som openberrar seg i flukt med å kunne artsbestemme i felt. Men ting går fort. Den gulbrune fjørdrakta skin stundom som gull når sola treffer henne. Desse har kome langvegsfrå og er i Noreg for å hekke, i likskap med 200.000–300 000 artsfrendar. Strandsniper som hekkar i Europa, overvintrar hovudsakleg sør for Sahara, men nokre held seg langs Middelhavs- og Atlanterkysten. Utbreiingsområdet for arten strekkjer seg heilt til Aust-Sibir, og overvintringsområdet til Oceania via det indiske subkontinentet og sør-aust Asia.

Strandsniper er lite kresne når det gjeld val av habitat, og slår seg ned i nærleiken av vatn uansett om det står stilt, renn eller bølgjer. Dei viser ein preferanse for ferskvatn i hekkesesongen. Også i Afrika kan dei slå seg ned på eit mangfald av plassar, så lenge det er vatn innanfor rekkjevidd.

Eit notat i nyhendebrevet til Botswana Birds Club datert 5. januar 1992 skildrar ei strandsnipe som hentar næring frå ryggen til flodhestar som badar, urørlege som steinar, i mudder. Er ho klar over at flodhestane er levande, spør forfattarane. Det er umogleg å seie, men ein seinare observasjon indikerer at strandsnipa kanskje et igler og andre parasittar frå ryggen på dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement