Reportasje

Un­der Gud, fol­ket rår

DEL 8: Og et­ter flei­re tu­sen mi­les kjem vi en­de­leg til Presho. Og får del­vis svar på mys­te­ri­et Ruth Ches­ter.

Dette er Presho i Sør-Dakota, ein by som hadde 472 innbyggjarar under folketeljinga i 2020. Eller by? Eg veit ikkje heilt kva eg skal kalle han? Grend eller bygd gjev feil assosiasjonar, og småby er heller ikkje dekkande. Landsby? Nei. Her manglar norsk språk eit ord.
Publisert Sist oppdatert

On the road again

Goin’ places that I’ve ne­ver been

Seein’ things that I may ne­ver see again

And I can’t wait to get on the road again

Vi su­sar vest­over mot ho­ri­son­ten i 130 ki­lo­me­ter i ti­men, Wil­lie Nel­son syng i ra­di­oen, Vet­le sit bak rat­tet, og vi er kom­ne til den de­len av rei­sa som eg har sett mest fram mot: det him­mel­vi­de Sør-Da­ko­ta.

Heilt si­dan eg høyr­de høy­re­spe­let Nybyggerne i Laur­dags­bar­ne­ti­men som li­ten gut, har eg skapt meg bi­le­te av det­te land­ska­pet, og no får eg en­de­leg sjå det ved sjølv­syn. Frå pas­sa­sjer­se­tet, i full kon­sent­ra­sjon. Nes­ten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement