Dyr
Steinskvett, vinblome, kvitgump
«Lettar steinskvetten og opnar stjerten ein solfylt augneblink, glinsar det svartkvitt – eit sikkert kjenneteikn for arten.»
Hoe av steinskvett i typisk habitat for hekking — ope, trelaust, ofte steinete.
Foto: Sveinung Lindaas
Denne fuglen har blomenamn – Oenanthe oenanthe på vitskapleg latin, «vinblome». Namnet har kome til oss frå gamalgresken til Aristoteles.
I det naturhistoriske verket Historia animalium nemner filosofen ein fugl som plar kome til Hellas samstundes som vinrankene blømer om våren, og som altså vert kalla for oenanthe, der oen, frå oinos, tyder drue og anthe, frå anthos, blome. Seinare vart denne vagt definerte fuglen tolka til å kunne vere steinskvetten, og han fekk offisielt namn av den svenske naturvitaren Carl von Linné på 1700-talet. Det vert framleis brukt i dagens internasjonale nomenklatur.
Kva landskap trivst han i?
Det norske, mineralske namnet steinskvett viser til landskapa denne vesle songfuglen trivst i under hekkinga: opne, ofte steinete, alltid med låg vegetasjon. Han kan lage reir i holrom mellom steinar, eller i kaninhol. Eit fleirtal av menneska som bur i Noreg eller har vore her sommarstid, har nok møtt på han – talet på hekkande individ er vurdert til å liggje mellom fire hundre tusen og éin million, og steinskvetten hekkar i alle fylke, frå Lindesnes til Nordkapp, til og med på Svalbard. Rett nok i lite tal der, mindre enn tjue par i den siste vurderinga.
Steinskvetten kan openberre seg på mange måtar. Nokre gongar er det røysta som røper han fyrst. Er ein heldig, får ein høyre songen i ein ørken av steinar. Han er enkel og samansett samstundes – enkel i den grad at steinskvetten syng korte strofer om gongen, med pausar imellom, like fullt rik på grunn av mangfaldet av lydar han nyttar.
Oftare høyrer turgåaren eller vandraren kontakt- eller varsellydar. Også der syner breidda i røysta seg, med glatte pipelydar, røffe stavingar og lydar som høyrest ut som to små steinar som slår i kvarandre – det er ikkje berre habitatet som er steinete hos steinskvetten, men kven veit kor desse mineralske lydane kjem frå. Også slektningane buskskvett og svartstrupe, som lever i grønare habitat, har klinkande steinar i røysta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.