Kommentar

Språkleg mirakel og misere

Kva skjer når KI tar over, og anglisismar, flosklar og feil blir reproduserte? Skal vi halde fast ved å bruke hjernen og personlegdommen, eller berre gi inn?

Publisert Sist oppdatert

Ja, «gi inn» er ein anglisisme (give in). Det heiter «gi etter». Eller «gi opp». 

Faktum er at ungdommen seier det no: Dei gir inn, ting veks på dei, og dei veit. 

At eit lite peikeord går dukken – eller «går til hundane», som dei seier no – er ikkje farleg. Konstant importerer vi ord og uttrykk frå engelsk. Språket blir rikare av det.

Samtidig har vi tradisjon for å halde på norske ord og lage nye. Vi har sambuar, dugnad, vårslepp og tidsklemme, vi har helg, ikkje weekend, og vi tar skjermdumpar. 

Enn så lenge, som svenskane seier, produserer vi tekstar i form av alt frå songar til romanar av jamt høg kvalitet. No går det i feil retning, og det fort.

Eit spørsmål om danning

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement