Fugleperspektiv
Svartmeishaust
Svartmeis kan likne på ei lita og mindre gul utgåve av kjøtmeis.
Foto: Sveinung Lindaas
I år er det svartmeishaust. Ringmerkingsstasjonar sør i Skandinavia melder om store tal for denne arten: Mellom 1. august og 19. september vart nesten tre hundre individ ringmerkte på Lista, og fleire tusen observerte.
Også på Falsterbo i Sørvest-Sverige og i Skagen i Danmark har svartmeiser dukka opp i stor monn. Desse stasjonane tel blant dei som driv med standardisert ringmerking: Aktiviteten vert utført ifølgje ein streng protokoll og teke opp att på nøyaktig same måte frå år til år. Her er referansepunkta 15. juli og 15. november – hausten for trekkfuglane. Og dagleg er det klokkeslett for soloppgang som markerer opning av netta.
I tillegg vert same antal og overflate av fangstnett sett opp år etter år, om våren og om hausten. Dette gjer at dataa kan samanliknast over fleire år, og at lange, pålitelege tidsseriar vert bygde. Slike svartmeishaustar som i år førekjem med ujamne mellomrom, og fenomenet har fått det faglege namnet «invasjon».
Vanlegast er det å treffe på svartmeisa i ein skog, i ein park eller i hagen. Ved fyrste augekast kan ho likne på den mest talrike og største meisa i Noreg, kjøtmeisa. Ser ein nærmare etter, trer ei rekke skilnader fram. Svartmeisa er mykje mindre, ho er faktisk den minste meisa i Noreg, og ho veg i snitt halvparten av ei kjøtmeis: høvesvis ni og atten gram.
Også fjørdrakta syner subtile særtrekk. Fargane minner om kjøtmeis – kolsvart på hovudet, kvit på kinna, ein grågrøn rygg med kvitte tuppar på nokre fjørgrupper, som saman dannar syltynne band på vengjene, og ein gulbrun underkropp, rett nok langt gulare hos kjøtmeiser flest. Men kosthaldet kan ha ein innverknad på fargen hos meiser: Ungfuglar av kjøtmeis som vert mata med mykje sommarfugllarver, særleg grønaktige, vert gulare enn andre, og fargespennet er breitt.
Det svarte på hovudet hos både svartmeis og kjøtmeis har vekt assosiasjonar til kol i fleire språk. På engelsk heiter svartmeisa coal tit. Ein portugisisk ornitolog som hadde vore med og sett om bøker av den franske seglaren Eric Tabarly, kunne fortelje om hovudbryet desse namna hadde valda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.