POLITIKK
Manar til kulturkrig i Europa
DUBROVNIK: Gud, fridom og fedreland vert feira når europeiske politikarar inviterer Maga-rørsla til fest og foredrag.
Deltakarar på konferansen Make Europe Great Again (Mega) stiller opp på «klassebilete».
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Gamlebyen i Dubrovnik er full av kyrkjer. Det er fredag 10. oktober og framleis sommartemperatur i Sør-Kroatia. I lag med amerikanske cruiseturistar og andre besøkande trakkar eg rundt i festningsbyen med mobilkameraet i handa. Eg tek bilete av bymuren påbyrja i tidleg mellomalder, av byhelgenen St. Blasius, hogd ut i stein og plassert i ein nisje i hovudporten inn til byen, av ein liten katt i eit trongt smau og av utsikta over Adriahavet, ramma inn av palmar og mørkerosa blomebuskar.
Og eg vitjar kyrkjene, framleis heilage hus for den romersk-katolske befolkninga, med skriftestolar og levande lys. I éi av dei, den barokke St. Blasius-kyrkja, stoppar eg framfor ei glaskiste med det som ser ut som ei naturtru voksdokke, kledd i forseggjorde klede og sandalar, med eit skarpt kutt i halsen. Eit skilt tilbyr ei kort forklaring: Det er St. Silvan – ein martyr frakta frå Roma i 1847.
Den kristne historia er full av martyrar. Guds son, Jesus, leid sjølv ein martyrliknande død, håna som jødekongen. Snart tek eg drosje ut av bykjernen for å vere til stades under ein konferanse inspirert av Maga-rørsla i USA – Make Europe Great Again, eller Mega. Der skal politikarar og aktivistar frå Europa og USA eggje kvarandre til kamp for verdiane dei deler. I tillegg skal dei hylle eit amerikansk førebilete som vart berre 31 år gammal.
Eg skal få sjå og høyre Charlie Kirk verte hylla som ein moderne martyr.
Ny Facebook-venn
Mega-konferansen er arrangert fem gonger tidlegare, i Belgia, Hellas, Romania, Polen og Moldova, tilsynelatande utan særleg mediemerksemd. Sjølv oppdaga eg seminaret ganske tilfeldig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.