Fugleperspektiv

Frå fuglefjell til tigerstaden

Lomvien hekkar på fuglefjell. Bileta er tekne på Hornøya i Finnmark og syner skilnaden på dei to variantane i hekkedrakt (sjå fargen på augeringen). På grunn av små vengjer i høve til kroppsstorleiken og vekta er flyging ein energikrevjande måte å røre seg på for lomvien.
Publisert Sist oppdatert

Det var i slutten av september på Kampen-høgda i Oslo. Herfrå kan ein skimte fjorden, men nærmaste tilgang til vatnet ligg to kilometer unna. Det lokale habitatet består av fargerike hus og flekker med parkskog.

Plutseleg dukka ein svartkvit fugl opp bak eit hustak, flaug med raske vengjeslag over plassen og forsvann bak kyrkja. Storleiken, proporsjonane og flygemåten var ikkje til å ta feil av: Dette var ein alkefugl, mest sannsynleg ein lomvi.

Kvar var han på veg? Han flaug i alle fall bort frå fjorden, mot innland. Kvart år mellom september og november vert lomviar funne på land eller i kilane i Oslo og Akershus, men omfanget varierer. I fjor var det svært få. I år har det alt vorte mange, og tida vil vise kor dramatisk situasjonen er.

I 2021 var det tale om ein massedød av uhøyrt omfang. Mellom oktober og desember det året skylde bølgjene tusenvis av døde lomviar opp på strender i Sør-Noreg. Dei fleste var fuglar fødde tidlegare same år. I 2023 regna det også lomviar over tigerstaden, mange framleis levande, men i kritisk tilstand då dei vart funne på bakken, i innsjøar, langs fjorden og lenger inn i landet.

I Oslo og Akershus har ei rekkje frivillige innan dyrerehabilitering og fuglevern bygd opp beredskap for slike lomvihaustar gjennom åra. I september 2024 vart førebuingane styrkte ytterlegare, men invasjonen, som det heiter, kom ikkje. No er han her: Det var ein lomvihaust fuglen over Kampen synte seg å varsle.

Ein dag i oktober går eg ned til fjorden. Ved operastranda står det ei lita bu med eit preg av løyndom – i mørke og ro der inne vert skadde eller utsvelta lomviar tekne hand om av frivillige før dei vert sette ut til vatnet igjen. Om tilstanden er for kritisk, men lovande nok, vert dei frakta til eit mottak. Utanfor kjem folk med posar fulle av fisk, nokre med eit lomvikadaver i ein pose. Særleg fuglar med ring vert tekne hand om og sende vidare til obduksjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement