Meksikanaren som fann opp ei mølle
Torre–Lasker, Moskva 1925. 25.Lf6!! Dxh5 26.Txg7 Kh8 27.Txf7 Kg8 28.Tg7 Kh8 29.Txb7 osb. (1–0).
Foto: Wikipedia
Han vart ein kultfigur i Sovjetunionen, ein publikumsfavoritt: ein sped gut med briller, i utsjåande og sjakkframtoning ein kombinasjon av Harry Potter og Fabiano Caruana. Men mest av alt: tynnkledd.
Carlos Torre, framleis berre 20 år gamal, visste ikkje kva som venta han då han gjekk ut av toget i Moskva i november 1925. Det var den fyrste store sovjetiske sjakkturneringa etter revolusjonen. Nikolaj Krylenko, sjefen for sjakken og ein av Stalins verste bødlar (sjølv drepen av regimet i 1938), skipa ein fantastisk sjakkfest med publikum i tusental. Krylenko henta Torre i ein lukka bil med varme og fekk kjøpt pelsjakke og pelshatt til den naudlidne meksikanaren. (Draumen om varme klede i den russiske vinteren er skildra på genialt vis i Gogols novelle «Kappa».)
Torre spela remis mot verdsmeister Capablanca frå Cuba og vann eit legendarisk parti mot eksverdsmeister Lasker frå Tyskland, som seinare skulle flykta til Sovjet med hjelp frå Krylenko. Det var i sigeren mot Lasker sjakkverda fekk sjå mølla: Kvit ofrar dronninga, men tårnet og lauparen til kvit held kongen fanga i ei mølle. Gjennom ei rad sjakkar vinn tårnet attende alt materiellet med gode renter.
Torre var den beste i sin generasjon, ein potensiell verdsmeister, då han forsvann frå sjakken. Han spela sitt siste parti i 1926.
Det var alt eg kunne seia då den meksikanske ambassaden i haust inviterte meg til sjakkpuben The Good Knight i Oslo for å gje publikum ein introduksjon til dokumentarfilmen Torre x Torre frå 2019. Den meksikanske filmskaparen og sjakkspelaren Juan Obregón var sjølv på plass i Oslo for å syna fram filmen han hadde arbeidd med i 25 år. Intervjua hans med meksikanarar som kjende Torre, er mest frå 1990-talet.
Torre levde 52 år utanfor organisert sjakk. Han fekk stormeistertittelen honorært i 1977, året før han døydde. Han var ein diskret, intelligent mann med nerveproblem. Han dyrka, med ein sigarettstump i munnen, filosofisk-religiøse grubleri utan noka klar retning. Torre var heilt uinteressert i sin eigen person som landets sjakkgeni. Han var venleg med alle og kunne spela remis etter to trekk om ein amatør spurde om eit parti.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.