Frå matfatet
Mat for slankemedisinerte
Ein ny type helsekost er på frammarsj.
Usøta plantemjølk og slankemedisin: Er dette framtida?
Foto: Amanda Andrade-Rhoades / AP / NTB
Kva er det som bestemmer korleis maten vi et, vil smake i framtida? Faktorane er fleire enn vi kunne tru. Ein kunne jo til dømes ynskje seg at jordsmonn fekk spele ei større rolle – terroir er eit omgrep som fortener større plass enn meir eller mindre snobbete vinsmakingar.
Men i vår høgteknologiske verd er det kanskje meir realistisk at maten kjem til å smake som det nokon klarar å framstille i eit laboratorium? Alt i dag er mange av smakane vi får i oss dagleg, produserte syntetisk. Slike aromaer er tilsette i alt frå smaksett vatn til yoghurt, pølser, leverpostei og kaker.
I denne verda er det altså uendelege sjansar for å skape smakar. Ja, matindustrien har endåtil verkemiddel for å skape og kontrollere både konsistensar, munnkjensler, lukter og heile opplevingar av mat – i nett den retninga dei ynskjer seg. Så kva er då den mest moderne retninga akkurat no?
Ein av dei raskast veksande trendane – særleg i USA – er å bygge mat tilpassa smakssansen til folk som går på slankemedisin. Og det er ikkje særleg rart: Ifylgje matingrediensleverandøren ADM ventar ein at 30 millionar amerikanarar kjem til å gå på slankemedisin innan 2030. Alt i dag hevdar dei at kring 15 prosent av vaksne i USA enten går på eller vurderer å gå på GLP-1-basert slankemedisin.
Hormonpåverknad
Men korleis kan det kome til å forandre korleis mat smaker?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.