Livsfarleg vitskap
Menn som var med i syfilisforsøket i Tuskegee. Biletet er frigjeve av nasjonalarkivet i USA.
Foto: Nasjonalarkivet / AP / NTB
Eksperimentet er eit ungt innslag i vitskapshistoria. I dag er det vanleg å rekne Galileo Galilei som den første store eksperimentatoren. Sidan gjekk det slag i slag.
Å prøve seg fram har nok menneska alltid gjort. I eksperimenteringa vart dette langt meir systematisert, leitinga vart meir målretta. Etter kvart kunne ein forske på alt, død og levande natur. Mennesket sjølv, sjølve forskaren, var også eit forskingsobjekt.
Men her vart det komplisert. Forsking på levande vesen kunne medføre smerte og død. For å spare menneska for dette rykte dyr, gjerne smådyr som mus og rotter, inn i laboratoria. Og det utvikla seg etter kvart eit strengt regelverk for forsking i og mot menneskekroppen.
Om eit farmasøytisk selskap har utvikla ein vaksine, må det svært omfattande og regulert testing til før vaksinen kan sleppast ut i marknaden. Å sleppe uprøvde element inn i menneskekroppen kan vere katastrofalt.
Innimellom går det gale. For nokre år sidan vart det sleppt ein vaksine ut i marknaden som påførte folk narkolepsi. Dei kunne sovne i hytt og vêr, når som helst. Og lidinga er livsvarig.
Og innimellom er det nokon som tøyer grensene i regelverket. Nyleg er eit forskingsprosjekt på endetarmskreft stoppa og pakka bort. Det hadde svært uheldige konsekvensar for mange som var med i eksperimentet.
Eit klassisk og grotesk døme på slikt overtramp er «The Tuskagee Study of Untreated Syphilis», utført i Alabama i USA på 1930-talet, omtala av Lars Kluge i Forskningsetikk nr. 2/2021.
Blant svarte, fattige landarbeidarar i Alabama på 1930-talet var syfilis utbreidd. 399 av dei smitta vart inviterte til å bli med i eit forsøk. Dei skulle få gratis medisinsk behandling og eit varmt måltid mat ved frammøte. Dei fekk også tilbod om betalt gravferd.
At dei hadde syfilis, fekk ingen av dei vite. Dei fekk forklart at dei hadde bad blood, ei nemning dei sjølv brukte.
Halvparten av dei fekk den rådande behandlinga mot syfilis, ei medisin kalla salvarsan, den beste som var då. Dei andre fekk ingenting, men vart narra til å tru at dei fekk behandling.
Under andre verdskrigen kom penicillinet, som er svært effektivt mot syfilis. Ingen av dei som var med i forsøket, fekk tilbod om behandling med penicillin. Meir enn det: Forskarane i prosjektet arbeidde aktivt for å halde penicillinet borte. Ein ny medisin ville øydeleggje forsøket deira.
Eksperimentet varte fram til 1972. Då vart forsøket avslørt av journalisten Jean Heller. Då kom styresmaktene på banen og stogga det heile. Ein kommisjon slo fast at prosjektet var uetisk frå første stund.
Då var 28 av forsøkspersonane døde av syfilis og rundt 100 av sjukdommar knytte til syfilis. 40 koner var smitta. Den siste forsøkspersonen døydde i 2004, den siste enka i 2009.
I 1997 kom president Bill Clinton med ei offisiell orsaking. Han karakteriserte eksperimentet som skammeleg og rasistisk.
Nyare medisinhistorisk forsking finn bakgrunnen for Tuskagee-eksperimentet i Kristiania. Frå 1891 til 1910 fekk i alt 1978 syfilispasientar ved Rikshospitalet inga medisinsk behandling, berre kvile og mat. Legane meinte at den tids behandling var verre enn sjukdommen, og det er stort sett ettertida samd med dei i.
I 1927 skreiv overlegen ved hudavdelinga, Edvin Bruusgaard, ein studie over denne perioden ved sjukehuset.
I 2016 skreiv Anne Helene Kveim Lie og Anniken Sandvik artikkelen «Ubehandlet syfilis – fra Oslo til Tuskagee». Utan syfilispraksisen i Kristiania rundt hundreårsskiftet, og Bruusgaards studie om det som hende, ville det aldri blitt noko av forsøket i Tuskagee, slår dei fast.
Tuskagee var eit eksperiment som gjekk seg bort, med hjelp frå Kristiania.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.
Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB
Alt dette var ikkje nødvendig
Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.
Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?
Foto: Terje Pedersen / NTB
Ferdigmiddag
Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon.
Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.
Foto: Jeff Dean / AP / NTB
Val på kanten av stupet?
– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.
29 kvinner i Kremenets-regionen har fått førarkort for traktor dei seinaste vekene.
Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB
Traktorar og forrædarar
I staden for ei fredeleg våronn må Ukraina forsvare seg mot den russiske våroffensiven.
Eugénie arbeider som kokk for den vidgjetne restauranteigaren Dodin i 20 år. Den felles kjærleiken dei har til mat, skapar unike retter som tiltrekkjer seg menneske frå heile verda.
Foto: Carole Bethuel