Theoprastus Philippus Aureolus Bombastus von Hohenheim (1493–1541) tenkte nytt om sjukdom.
Legane er vår tids heltar. I vår industrialiserte verd er helseindustrien, med alle sine greiner, den industrien som veks mest. Farmasøytisk industri er vinnar på alle børsar. Leverandørindustrien, frå bakeri og lakenleverandørar til digitale instrument med avansert stråleteknikk, er i jamn vokster. Vi byggjer nye sjukehus slik vi eingong bygde kyrkjer. Det blir meir av alt.
Og det er utruleg kva helsevesenet leverer. Levealderen stig. Gamle livsfarlege sjukdomar er nesten borte. Dagens dødsagentar, som kreft og karsjukdomar, er under konstant kanonade frå laboratorium og vitskapsmenn verda over. Dei lever ikkje trygt.
I historia er dette relativt nytt. Mennesket har alltid brukt den kunnskapen dei har, for å nedkjempe sjukdomar og fysiske plager, om det no har vore ofring til gudane eller annan trollskap. Antikken fortel om det grekarane og romarane dreiv med. I dag er dette død historie. Den medisinske kunnskapen til Hippokrates er også det.
Det største problemet ny vitskap har hatt å kjempe med gjennom historia, er den gamle etablerte kunnskapen. Dei etablerte autoritetane har verna seg og sitt mot unge rebellar.
Så også i medisinen. Og her kan vi datere eit av dei viktige slaga. Det var ein raring som førte krigen mot autoritetane. Han tapte, men tankane lét seg ikkje stoppe.
I Europa i mellomalderen var sjukdom ein ubalanse i kroppsvæskene. Oppgåva for legen var å få balansen i orden igjen. Kardinalvæskene i kroppen var dei fire humora, etter latinsk humor: væske. Desse væskene var blod, slim, gul galle og svart galle. Hos friske folk var desse væskene i balanse. Men også friske menneske var prega av sin eigen væskebalanse. Somme var sangvinske, av latin sanguis, som tyder «blod». Andre var koleriske, av koler, som tyder «gul galle». Atter andre var flegmatiske, av phlegma, som tyder «slim», og nokre var melankolske, av for mykje svart galle.
Alt dette er ute av medisinen. Men det lever vidare i språket. Rundt oss lever melankolikarar, flegmatikarar, kolerikarar og sangvinikarar. Vi slit framleis med kroppsvæskene våre, i kvardagen og i språket. Nokre av oss har humor. Andre har humør. Det er ikkje det same.
Så var det altså at rebellen, raringen, dukka opp. Namnet skjemmer ingen, heiter det. Namnet til denne karen var så storarta som eit namn kan bli: Theoprastus Philippus Aureolus Bombastus von Hohenheim. I historia er han gått inn under namnet Paracelsus.
Han vart fødd i 1493, utanfor ekteskap. Faren var lege, mora liveigen. Ein historikar skriv at utdanninga hans var sporadisk og tilfeldig, medisin og okkulte overleveringar, det han snappa opp frå legar og prestar når han var med far sin rundt.
Karrieren gjekk over stokk og stein. Han vart lege for den kjende humanisten Erasmus Rotterdamus, som fekk han gjort til professor. Her kom han på kant med kollegaene, som jaga han fordi han ikkje ville sverje den hippokratiske eiden.
33 år gammal gav han ut sitt eige aggressive manifest om legekunsten. Sankthansdagen i 1527 brende studentane bål, og Paracelsus var med og kasta bøkene til dei etablerte autoritetane på bålet. Det gjorde det ikkje lettare for han. Han kom også oppi rettssaker med pasientar, som han tapte. Han måtte gå frå jobben, og fekk aldri ein ny. Han vart ein akademisk vagabond, skriv historikaren. Han døydde i 1541, 48 år gammal.
Paracelsus forkasta den etablerte kroppsvæskemedisinen og forstod sjukdommen på ein heilt annan måte. Sjukdommen hadde ikkje sin grunn i væskebalansen i kroppen. Sjukdommen var noko som kom utanfrå, som gjekk til åtak på kroppen. Paracelsus var astrolog, og meinte at sjukdommane kom frå mineral og giftstoff som var komne inn i atmosfæren frå stjernene.
Han var altså nytenkjar, samtidig som han var barn av si tid.
Ved å hevde at sjukdommen kjem til mennesket utanfrå, og har ei årsak som kan finnast, opna han vegen til moderne medisin, til Pasteur og infeksjons- og mikrobejakta hans, til arbeidet med hygiene, til den vitskapeleg jakta på årsakene til sjukdommane.
Paracelsus, med sitt lange dåpsnamn, står ved inngangsporten til den vegen som har ført fram til dagens medisin.
Det var ein posisjon han sjølv fekk lite glede av.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.