Frå matfatet
Lauk
Lita tue må ikkje få velte stort lass.
Lauken har kanskje ingen kjerne, men han er ganske sentral likevel.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Visste du at det finst ein laukkoalisjon på Stortinget? Sjølv las eg det i Nationen nyleg. Det han har gjort, er å einast om å utsette innføringa av ein EU-regel som kan verte kroken på døra for 45 prosent av laukproduksjonen i Noreg.
Den produksjonen er faktisk ganske stor. Lauk er den tredje mest brukte grønsaka i Noreg, vi er kring 70 prosent sjølvforsynte – og det med eit relativt lågt tollvern. Med andre ord verkar norsk laukproduksjon både solid og kompetent. Kva er det for liten stein som kan velte dette lasset?
Endringa som EU gjer, og som om ho vert innført, får konsekvensar for norske laukbønder, er å senke grenseverdien for tungmetallet kadmium frå 0,05 til 0,03 milligram per kilo. Kadmium er ei miljøgift. Eit tungmetall som hopar seg opp i kroppen over tid. For mykje kadmium i kroppen kan føre til nyreskadar og beinskjørheit. Det vil vi ikkje ha.
Kor mykje kadmium har vi nordmenn i kroppen vår – og kor mykje bør vi tolerere å ha? Styresmakter og fagfolk måler dette i tolererbar vekentleg mengde, TWI. Den er for tida på 2,5 mikrogram per veke. Ifylgje Folkehelsesinstituttet ligg det norske inntaket om lag på denne TWI-en. Med andre ord: Vi balanserer på knivseggen, og kan ha godt av å redusere kadmiumeksponeringa vår.
Gift i kvardagskost
Så kor får vi i oss mest kadmium? Sidan menneske lagrar kadmium i levra, er det naturleg at det å ete lever frå dyr også vil føre til kadmiuminntak. Den største konsentrasjonen finst i brunt krabbekjøt, men sidan dei færraste av oss et dette jamleg, er den største eksponeringskjelda ei anna: kvardagskosten, faktisk, med korn og kornprodukt, potet, grønsaker – og lauk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.