Kommentar

Om Europa ikkje er interessert i krigen, er krigen er interessert i Europa

Ukraina, Iran, Hormuzsundet: Verdsstoda blir stadig meir trugande, men EU-landa finn ingen felles svar. Difor må dei leve med at verken Washington eller Moskva tek dei på alvor.

U.S. Navy sailors taxi an F/A-18F Super Hornet on the flight deck aboard Nimitz-class aircraft carrier USS Abraham Lincoln in support of the Operation Epic Fury attack on Iran from an undisclosed location March 17, 2026. U.S. Navy/Handout via REUTERS. THIS IMAGE HAS BEEN SUPPLIED BY A THIRD PARTY
Amerikanske marinesoldatar ved eit F/A-18F Super Hornet-fly på hangarskipet USS «Abraham Lincoln» 17. mars 2026.
Publisert Sist oppdatert

Akkurat no er det ikkje så lett å skilje fiksjon frå røynd.

Nyleg var det til dømes Oscar-utdeling i Hollywood. Raud løpar, flotte kjolar. I Brussel var det nyleg eit EU-toppmøte. Raud løpar, kjedelege dressar. Så langt er alt dette lett å halde styr på.

Men korleis var det no med One Battle After Another? Var dette filmen som vann fleire Oscar-statuettar? Eller var det kanskje det fortvilte sukket til dei europeiske stats- og regjeringssjefane, som i årevis har måtta handtere den eine krisa etter den andre? Først måtte dei hanskast med den russiske krigshissaren Vladimir Putin, og no er det amerikanske Donald Trump som yppar til strid. Onsdag kveld gjekk dei og la seg til katastrofenyhende frå Persiabukta, og torsdag morgon vakna dei til armageddonnyhende frå Persiabukta.

Som om blokaden av Hormuzsundet ikkje var ille nok for Europa, måtte det òg regne rakettar over verdas største anlegg for flytande naturgass. I tillegg til dei rakettane som dagleg råkar Ukraina, sjølvsagt.

Ein ser seg rundt og tenkjer at det gamle, sarkastiske Lev Trotskij-sitatet ikkje lenger berre er eit sitat. No har det blitt røynd og har sett klørne i Europa: De er kanskje ikkje interesserte i krigen. Men krigen er interessert i dykk.

Dette er ganske enkelt ei presis skildring av den aktuelle stoda. Nei, Europa ville ikkje ha desse to krigane. Det var heller ikkje Europa som byrja dei, verken Russlands krig mot Ukraina eller USAs krig mot Iran. Men no er krigane her. Dei går føre seg ikkje langt frå Europa, og dei får politiske og økonomiske følgjer for Europa. Dermed er dei òg Europas krigar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement