Teknologi

Korleis kan teknologi hjelpe lågmælte til å snakka med andre utan slit?

Publisert Sist oppdatert

Noko av det kjekkaste eg veit, er når lesarane av Dag og Tid skriv til meg når eg har hatt noko på prent. Hyggjelege ord vert utveksla, men det gjev meg også nye utfordringar, som gjev meg stor glede.

Etter at eg hadde skrive om høyrslehemma og teleslyngje, var det ei dame som tok kontakt med meg, og som har eit anna problem: Ho har fått skada røysta si og har vanskar med å snakka høgt nok til at andre kan høyra kva ho seier.

Ho ynskjer å bruka trådlaus mikrofon, som kan fanga opp den låge røysta hennar, og nytta mobiltelefonen som høgtalar. Ho har prøvt ulike løysingar utan særleg suksess, og spør meg om det er hjelp å få. Eg kastar meg over problemstillinga med største entusiasme.

Eg snakkar med overingeniør Thomas Aasebø ved Høgskulen på Vestlandet. Han er djupt engasjert i velferdsteknologi og kjem straks med ei rad forslag til løysingar. Eg finn ein app som heiter Megaphone for Iphone, men den krev ekstern høgtalar, og det er ikkje ynskt. For Android finn eg appen Microphone Amplifier, som ser ut til å kunna gjera nytta.

Det fyrste som møter meg når eg lastar han ned, er eit krav om løysepengar og kredittkortopplysingar. 169 kroner i veka er eit ran. Det må kunna finnast noko billegare som kan hjelpa folket.

I eit plutseleg glimt får eg ei openberring: Må eg få be om tystnad! No får Nav og andre ei gratisløysing. Me må sjå til innovatørane, dei som grip ein sjanse når ting endrar seg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement