Teknologi
Ego-staur
Khrisna Kumar frå India demonstrerer rett bruk av selfiestong. Det handlar om å få seg sjølv klistra på det som er sjåverdig.
Foto: Per Thorvaldsen
Eg hugsar fyrste barnet. Me tok bilete av henne kvar dag. Nærast levande film. Nestemann har me to bilete av. Eitt frå då han vart fødd, og det neste frå konfirmasjonen. I fjor fekk eg meg kjærast. Ei flott enkje frå Kalfaret. Me tok klemmebilete av oss sjølve kvar dag. No kan det gå veker utan bilete. Har kjærleiken fisla ut?
Eg tek ein tur til Kjell & Company. Der sel dei alt eg ikkje trur eg treng. For den nette sum av 149 kroner får eg ei selfiestong. Det er ein eigen sjanger på YouTube der folk pakkar opp esker med nye ting og fortel meir eller mindre opplyst om kva dei ser.
Eg set meg ned og pakkar ut. Eg les på eska at makslengda på teleskopstonga er 70 cm, og at ho då toler ei vekt på eit kilo. Eg dreg ut ein liten plastbete som aktiviserer batteriet. Selfiestonga talar trådlaust med kameraet på mobilen via blåtann. Eg ser at utsend effekt er 29 dBm, som røft rekna er 1 watt, og at kommunikasjon mellom stonga og mobilen skjer på frekvensar i det ulisensierte bandet 2,4–2,5 GHz.
Eg som hatar bruksrettleiingar, elskar den stutte forklaringa på eska, på berre 50 ord. Ho sluttar til alt overmål med å be meg smila. Eg lèt mobilen leita etter blåtanneiningar i nærleiken. Han finn «Dispho», og eg parar stong og mobil.
Kvar gong eg trykkjer på utløysaren på stonga, tek kameraet eit bilete. Dei seier at det er ulike typar brukarar av ny teknologi. Fyrst dei som omfamnar han med ein gong, så den store hopen, og til sist dei treige. Eg er nok den siste i Noreg med selfiestong.
Kvifor vert stonga som kan leggjast saman, kalla ei teleskopstong? Vel, det har sjølvsagt med teleskop å gjera. For å gjera teleskop meir berbare vart dei laga slik at dei kunne trekkjast inn og ut. På 1800-talet vart det mote med ein stokk som kunne delast på midten for å ta fram eit teleskop for å sjå på fuglar av alle slag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.