JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Klosettet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit offentleg toalett med fleire sitjeplassar, såkalla latrine, som vart spylt med vatn. 
Toaletta vart utgravne i Ostia Antica i Roma.

Eit offentleg toalett med fleire sitjeplassar, såkalla latrine, som vart spylt med vatn. Toaletta vart utgravne i Ostia Antica i Roma.

Foto: Wikipedia

3675
20170818
3675
20170818

Klosettet tilhøyrer dagleglivet – for ikkje å seie morgonlivet – vårt. Når vi om morgonen sit der og funderer over kva dagen har i vente for oss, tenkjer vi knapt over at denne prestisjelause installasjonen har ei uvanleg mangfaldig historie.

Det uvanlege ligg i at installasjonen har ei historie som er relativt ung, samtidig som ho er utgammal. Klosettet har opplevt det uvanlege å vere ute av bruk, parkert i den historiske gløymsla eit par små tusenår før det dukka opp i historia igjen, for å løyse eit tidlaust og pinleg problem: Kva skal vi gjere med møkka vår?

Eg er fødd på den norske landsbygda rett før krigen. Gjennom heile barndommen min var klosettet eit sjeldan syn. Under og rett etter krigen var det lite husbygging. Og dei gamle husa hadde utedo, der møkka vart samla opp, for å verte spreidd til velsigning for årets avling. Møkka vår var verdifull gjødsel. Det var ålmenn kunnskap. På skulen hadde vi minnebøker, der vi skreiv minneord til kvarandre. Eit av dei mest brukte var dette:

Gjev lukka må gro

Som graset bak do.

At graset var frodig bak do, var ein sjølvsagd ting, basisk kunnskap.

Då bror min var fem år gammal, fekk han reise på vitjing til kusine Anne Marie, som hadde fått den første lærarjobben sin inne i Ryfylke, med tilhøyrande ny lærarbustad. Han kom entusiastisk tilbake og fortalde at Anne Marie var umåteleg rik. Det trudde ikkje far noko på. Då vart femåringen arg. Når folk har do inne, då er dei rike, slo han fast. Då tagde far.

Men om klosettet var godt som nytt i barndommen min heime på Finnøy, er det gammalt i historia. Det var kjent og brukt i antikken, både i Roma og på Kreta. Og så vart det borte. I 1775 var det ein gløgg fyr som tok patent på ein apparatur som liknar dagens klosett. Klosettet var tilbake.

Antikken, spesielt romarane, hadde svært avanserte sanitæranlegg. Romerske bad er dagens turistattraksjonar, som Bath i England og Caracallas i Roma. Det er kanskje først og fremst bad og amfiteater som står att etter romarane, saman med akveduktane – vassleidningane. Romarane var reinslege folk. Dei klaga seg over at barbarane lukta så vondt.

Winston Churchill, ein historikar som fekk nobelprisen i litteratur, noko berre tyskaren T. Mommsen hadde fått før han, har skrive om dette. I eit stort verk om historia til dei engelsktalande folka hevdar han at romartida i England var ei gyllen tid, då folk hadde det godt. Dei romerske sanitæranlegga gav dei rikeleg med vatn, og dei hadde varme i husa. Då romartida var slutt, braut alt dette saman. Og sidan den tid, skriv Churchill, «har engelskmennene gått rundt og frose og stinka».

Å spyle møkka ned kjennest lettvint og sorglaust. Møkka er ute av auge og ute av sinn. Men naturen strevar med å ta imot all denne plantenæringa. Vassdrag og fjordarmar reagerer. Badeplassar kan bli uappetittlege og utrivelege. Algevokstrar kan forsyne seg av det som kjem flytande, og vatn og fjordarmar kan om våren gro til med eit tett og udelikat grønsketeppe.

Vekebladet Farmand hadde ein gong ein huspoet som kalla seg Ruben. Han skreiv:

Klosett og bad bør alle ha.

Det lar seg kombinere lett.

Men ikke som i fjorden vår,

der man får alt i ett.

Så har klosettet, etter at det trengde seg inn i historia igjen for 250 år sidan, løyst eit pinleg og privat problem for oss: handteringa av eiga møkk.

Samtidig har møkka vår dukka opp i alle kommuneplanar, i alle budsjett, på alle plan, til kloakkreinsing, slamdumping, kontrolltiltak, tømmingsstader for møkk på vegar og til sjøs og mykje meir. Byråkratiet veks, og milliardane rullar.

Klosettet, då det endeleg dukka opp igjen, flytte møkka vår frå heim og bustad og inn i politikken.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis