JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Klimamjølk

Metanreduserande fôrtilsetjing er spanande, men må ikkje stå i vegen for at kyr får vere kyr.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Med auge i magen: Kyr med slike «augehol» i vomma bidreg til forskinga på meir klimavenlege kyr. Her er kronprinsparet på besøk ved NMBU på Ås.

Foto: Lise Åserud / NTB

4201
20230526
4201
20230526

I løpet av hausten får Noreg si fyrste klimamerkte mjølk for sal i butikk. Det er Q-meieriene som skal tappe ekstra lett mjølk på kartong merkt med «25 prosent lavere klimaavtrykk». Hovudkonkurrent Tine har enno ingen planar om slike produkt i marknaden, men ynskjer likevel Q-meieriene «velkommen etter»: «Det er hyggelig at Q-meieriene har latt seg inspirere av Tines langsiktige forskningsprosjekter», seier forskingssjef Eirik Selmer-Olsen på medlemssidene til Tine.

I røynda kan ingen av dei slå seg på brystet aleine. Når Q kan lansere dette produktet no, er det på grunnlag av eit produkt det opphavleg nederlandske biokjemikonsernet DSM har skapt: ei fôrtilsetjing som, hevdar både dei sjølve og ei rekke forskingsprosjekt i ulike land, kan redusere metanutsleppa frå mjølkeproduksjonen med opptil 30 prosent. Vedundermiddelet har fått namnet Bovaer, men vert ofte referert til med det kjemiske namnet: 3NOP.

Metan

Korleis får dei dette til? Lat oss byrje med å sjå kva det som gjer at fordøyingssystemet til drøvtyggarar produserer metan i det heile: Kyr har fire magar. Av dei fire er det mage nummer éin, vomma, som er den verkelege magien: Her yrer det av liv. Bakteriar, mikrobar og enzym hjelper kua med å bryte ned vanskeleg fordøyelege karbohydrat. Det er difor drøvtyggarar kan ete gras og urter, blad, buskar og kratt og slikt som ikkje vi menneske kan ete.

Diverre er det òg difor drøvtyggarar produserer metan. Di meir tungfordøyeleg fiber det er i fôret til kua, sauen, geita, hjorten eller reinsdyret, di meir metan vert produsert.

Metangass – CH4 – oppstår når bakteriar bryt ned organisk materiale anaerobt – utan luft. I ei vom er det mykje vatn og lite luft, altså godt miljø for karbonatom og hydrogenatom til å finne saman og verte metan.

Det fôrtilsetjinga Bovaer gjer, er å hindre at dette skjer: 3-nitrooxypropanol, eller 3NOP, undertrykker enzymet som dannar metan, slik at mindre klimagass vert produsert. Etterpå går 3NOP i oppløysing og vert med vidare i fordøyingsprosessen.

Men – som så ofte elles i ein biologisk produksjon – dette er ikkje nødvendigvis ein storleik som høver alle. Kor godt Bovaer fungerer, kjem an på kva fôr kyrne får, kan hende er det skilnad mellom rasar, og det er ukjent om det vil påverke mjølkeproduksjonen over tid. Med andre ord: Vi treng framleis meir forsking.

I Noreg har forskingsmiljøa gått saman om forskingsprosjektet MetanHUB, og Norges Bondelag har bede om 12,6 millionar kroner over jordbruksavtalen til uttesting av metanhemmarar på norske drøvtyggarar.

Store og små

Men attende til produktet som snart kjem i hyllene. Tre bønder i Gausdal med til saman 200 mjølkekyr produserer all mjølka som skal i klimakartongane til Q-meieriene. Ikkje fordi ikkje fleire bønder kunne nytta fôrtilsetjinga, men fordi det er slik det løner seg å etablere ei produktkjede.

Det er forståeleg i ein startfase, men vi må jobbe hardt for å unngå at dette set standarden for klimaomlegginga av norsk jordbruk. Ein meir klimavenleg produksjon må vere noko alle bønder får tilgang til – ikkje berre dei som kan drive stort nok til å halde i gang ein tredjedel av ei forsyningslinje. Ikkje minst må nye produksjonsmetodar ta innover seg at drøvtyggarar fyrst og fremst er beitedyr – og fôret kyrne tek til seg i utmarka, er monaleg vanskelegare å forske på enn det som er pakka inn i ein rundball ved fjøset. Kyr og geiter som kjem til mjølkestallen to gongar om dagen på ein støl, kan få påfyll av fôrtilsetjing, men det er vanskelegare med fjellbeitande sau og ammekyr.

Kanskje må vi sjå litt stort på utsleppsreduksjonen. Det er jo i praksis ingen skilnad på mjølka Q-meieriene tappar på klimamjølkekartongar og resten av mjølka til Q – skilnaden ligg i leddet før, hjå mjølkekua. På same måte må hovudmålet vere dei samla klimagassreduksjonane frå heile næringa – samstundes som ein held oppe ein berekraftig produksjon.

Alle må kutte etter evne, og om nokon kuttar mykje, kan det legitimere at dei som ikkje klarar å kutte like mykje, også kan få vere med vidare. Ein utsleppsfri matproduksjon får vi uansett aldri.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis