Frå matfatet
Klimagodkjend kyllingproduksjon?
At nett kyllingbransjen har byrja å måle klimapåverknaden sin, er ikkje så rart.
Ein kylling. Verken meir eller mindre. Men det er kanskje ikkje det same?
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Er kylling på veg å verte favorittkjøtet til det norske folk? Statistikken kan tyde på det. Forbruket av svinekjøt er framleis høgast, med 20 kilo i snitt per person per år i 2022, men svineetinga har vore temmeleg stabil gjennom heile 2000-talet. Vi byrja med drygt 18 kilo per år i 2000 og nådde ein topp på 21 kilo i 2021, ifylgje Animalia. Inntaket av fjørfekjøt, derimot, har i det same tidsrommet auka jamt og bratt: Medan vi i år 2000 ikkje åt meir enn 6,4 kilo fjørfe i året, var vi i 2022 oppe i 15,7 kilo per person per år.
Er det godt nytt for klimaet? Vel, med måten vi reknar klimabelasting på, vert det umogleg for noko anna animalsk produkt å oppnå lågare utslepp per produksjonseining enn det kyllingen får.
Årsaka er temmeleg enkel: Om ein jamfører einmaga kyllingar med firemaga drøvtyggjarar, er kyllingen ein mange gonger meir effektiv fôromdannar. Grisen er òg einmaga, men han er større. Kyllingen treng eit mykje kortare liv for å verte slaktemoden, så kort at det godt kompenserer for den låge slaktevekta.
Med andre ord er det ikkje rart at kyllingprodusentane er fyrst ute blant kjøtleverandørane med å klimamerke produkta sine. Aller fyrst ute er Jæren-baserte Den Stolte Hane. Ifylgje pakning og nettside har klimaavtrykket frå deira kyllingproduksjon vorte målt og sertifisert av organisasjonen Carbon Trust.
Liste utan bakgrunn
Men kva inneber eigentleg dette? Klimaavtrykket – altså kor mange CO2-einingar som har gått med for å produsere ei eining av produktet – er ikkje trykt på pakken. Her er ein QR-kode, og når eg skannar den, kjem eg til ei nettside der eg kan trykke på «Klimaavtrykket på våre produkter». Der finn eg ei liste over CO2-ekvivalentar per kilo for alle produkta til Den Stolte Hane: Kyllinglår 3 kg ligg på 4,15 CO2-ekvivalentar per kilo produkt, Kyllingfilet stekt & skivet er derimot oppe i 5,09, medan Kylling vingemiks naturell er nede i 1,95.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.