JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Kjeppar i hjulet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2366
20180216
2366
20180216

Dei som lyt stø seg til ein kjepp, har mykje å velja i. Kva med ein staseleg knortekjepp? Eller ein piggkjepp – stav med jarnpigg i enden – som lettar ferda over glattisen? Den klassiske kjeppen er vel for det meste borttrengd av industrielt tilverka krykkjer og anna utstyr. Likevel hender det at me stikk kjeppar i hjulet for noko eller nokon, so heilt borte er kjeppen ikkje. Men kan hjul og kjeppar gå godt i lag?

Ja visst: Vendinga «det går som kjeppar i hjul» vert nytta om noko som går snøgt og lett. Då er kjepp nytta om eikene i hjulet – sjå føre deg gamle hjul med eiker av tre. Slike kjeppar hindrar ikkje ferdsla. Men om du stikk kjeppar i kjeppane, vert det verre å ta seg fram. I båe tilfelle viser kjepp til eit rundt og måteleg stort trestykke. Dette substantivet ter seg òg i norrøne tekster: keppr (‘kjepp’). Opphavet kan vera latin cippus (‘stokk, påle’). Kjepp er visst òg i ætt med engelsk chip, som tyder ‘spon, flis; tynn skive; steikt potetbit/-skive; databrikke’. Om me legg til at norsk kjepp òg vert nytta i tydinga ‘tømmerstokk’, ser me at spennet i denne familien er stort: Her finst ord for både digre trestokkar og sprøe potetgullflak (chips).

Til liks med anna trevyrke høver kjeppane godt som brennefang, jamfør samansetjingar som kjeppved og vedkjepp. Men kjeppen gjer òg nytta om du vil dengja nokon, eller som ordtaket seier: «Den som har kjepp, slepp å slå med neven.» Kjeppjaging kan òg vera utriveleg. Nokre kjeppar er utforma til just det føremålet, til dømes ringlekjeppen, som er ein «vriden og berkt bjørketopp med påhengde vidjeringar (til å skræma krøter med)», seier Norsk Ordbok. Det er elles freistande å kjeppjaga kjepphøge folk, men merk at fyrstelekken i kjepphøg ikkje ser ut til å vera i ætt med substantivet kjepp. Det er i grunnen uvisst kvar kjepp- i kjepphøg kjem frå. Nokre har meint at det høyrer saman med kappast og kjeppast (‘tevla; driva hardt på’).

Medan nokre kjeppar er til hjelp og nytte, vert andre bruka til leik og moro. Det å vippa (eller gjeppa, spretta, spela, slå) pinnar vert nokre stader kalla «vippa, spretta (e.l.) kjepp». Og kjepphestane er på farten støtt. Det vanlege er å ri sine eigne kjepphestar, men korleis er det å ri andre sine kjepphestar? Lèt det seg gjera i det heile?

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis