JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Iskrem

Dei ropar «Nyhende! Nyhende!» så høgt dei kan, men er det eigentleg så nytt, det dei kjem med?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kva for ein is har ein eigentleg lyst på? Er det noko nytt og spanande eller noko trygt og kjent og godt i år?

Foto: Heiko Junge / NTB

4051
20230505
4051
20230505

Endeleg – men likevel i god tid før 17. mai – er dei her: dei nye småiskremane.

Ja, for kva var vel sommaren utan endelause heite, tørste og søtsugne stunder hengande over ein frysedisk medan ein prøver å bestemme seg for kva for ein is ein eigentleg, djupast nede og i botnen av sjel og mage, har lyst på? Er det noko nytt og spanande eller noko trygt og kjent og godt?

Det fyrste ein må gjere, er gjerne å definere om ein vil ha saft- eller mjølkeis. Men sjølv ikkje det treng vere så enkelt lenger: I år lanserer til dømes Diplom-Is Lollipop Pæresplitt – med vaniljeis inst, fruktis med pæresmak over og sjokoladetrekk ytst.

Høyrest det freistande ut? For min del må eg innrømme at det gjer meg mest forvirra – både over den frekke kombinasjonen av saft og mjølk og over kva pæresmak eigentleg har med Lollipop å gjere. Ja, for Lollipop-isen er jo ein institusjon – produsert med same appelsin- og bringebærsmak og sjokoladetopp sidan 1966 – då heitte han rett nok Thor-is, men forutan namnet har altså lite endra seg – før no.

Breier seg

Det som har skjedd no – eller i det minste dei siste åra – kan ein ikkje skulde Lollipop for, ikkje eingong Diplom-Is eller i og for seg isbransjen i det heile, sjølv om fenomenet er ekstra synleg nett her: Den enorme merkevarebygginga, der det meste som vert lansert som nytt, ikkje eigentleg er det, men berre ein variant av noko som alt eksisterer, har lagt si klamme og uoppfinnsame hand over produktkategori etter produktkategori.

Om det er nye smakar på Go’ Morgon-yoghurten eller Freia Melkesjokolade med ein ny type sjokoladekjeks, eller, som i dette høvet, å ta eit produkt som eigentleg er ganske så nytt, og putte det inn under ein allereie kjend paraply – altså Lollipop-namnet – for at vi forbrukarar skal lurast til å tru at produktet har noko å gjere med noko vi allereie kjenner og liker. For sjølv om vi gjerne vil prøve noko nytt med den eine handa, held vi igjen med den andre og vender attende til det lune og trygge. I det minste er det dette paradigmet matvareprodusentar flest arbeider etter, og det er difor Diplom-Is har sin kategori med Royal-ispinnar i åtte ulike variantar og Hennig-Olsen har sin kategori med sju ulike Crème-ispinnar.

Kaffi og lakris

I år har dei, altså Royal og Crème, forresten lansert kvar sin iskrem med kaffismak. Crème har gått for ein cappuccino-variant, medan Royal kallar sin Trippel Frappe. I innhald er dei likevel nesten til forveksling like: fløyteis med kaffismak og sjokoladetrekk – men der Crème går for sjokoladebitar, stiller Royal opp med karamellsaus.

Lite grann å velje mellom der altså, samstundes som vi slår fast at kaffi kjem høgt opp på iskremmotetabellen i år – ei plassering den fermenterte bønna truleg må dele med ei rot.

Iskremsmakvinnar num­mer to må nemleg seiast å vere lakrisrota. Crème har alt hatt sin lakrisvariant eit års tid, og no kan Royal sjølvsagt ikkje vere dårlegare – tvert om smeller dei til med trippel lakris. I tillegg har Diplom-Is fått innpass hjå eit anna ikkje heilt ukjent merkenamn: Frå i sommar kan du få Tyrkisk Pepper ikkje berre i drinken din, men også i iskremform.

Saltbombene er heller ikkje aleine om å ta vegen frå godterihylla til den kjølande frysedisken i sommarvarmen: Her får han selskap av nybyrjarane Dumle karameller (i form av isen Dumle Snacks frå Diplom-Is) og Freia Smil-sjokolade (Smil Fløteis frå Hennig-Olsen), som skal finne plassen sin ved sida av dei meir erfarne ispinnane Freia Firkløver, Freia Melkesjokolade is, Daim Balltopp, Solo is, Smarties Pop-UP, Lion King Size, Snickers-is og Litago-beger. Alt dette berre frå Hennig-Olsen og Diplom-Is.

Greitt nok at det smakar godt. På mange nivå er det jo det ein forventar av ein is. Men kor er kreativiteten i det heile? Kor er skapargleda, konkurranseinstinktet og – ja, eg får lyst å seie yrkesæra – for kor ligg eigentleg gleda i berre å kopiere heile tida? Nei, sommargleda fortener betre, spør du meg.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis