JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

I tjukt og tunt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2362
20221202
2362
20221202

No ligg eg tunt an, for skrivemåten tunn er ikkje offisielt godkjend lenger. Nemnda som dreiv med tynningshogst i nynorsknorma for drygt ti år sidan, hadde som prinsipp at «lite brukte former går ut». Og jau då, tunn var og er lite nytta jamført tynn, men dei to formene har ikkje tevla på like vilkår. Sidan eg veit at medlemene i rettskrivingsnemnda ikkje er tunnhuda, vågar eg meg til å seia at grunngjevinga deira er tunn!

Tunn vart stuva bort i klammer i 1959, og forma har elles det lytet at ho skil seg frå bokmålsforma og lett vert oppfatta som vanskeleg og rar. Det kan henda at framtida til tunn hadde hange i ein tunn tråd same kva nemnda hadde gjort, men det får me aldri vita. I alle høve bed eg tunt om å få nytta tunn her, som ei slags minnemarkering ti år etter bortvisinga.

I svensk står tunn støtt. Islandsk, færøysk og nederlandsk held òg fast ved u-en, som truleg er den opphavlege vokalen i ordet. Av ulike grunnar er han endra til y eller i i nokre av dei germanske måla (t.d. dansk tynd, engelsk thin). Det må òg seiast at stoda er litt annleis i norsk tale enn i norsk skrift. Mange seier tynn, men me kan framleis høyra former som tunn, tonn og tønn. Av tunn kjem verbet tynna («det tynnest i rekkjene») og substantivet tunnvange eller tinning. Det skal vera samansett av tunn og vange (‘kinn’).

Til grunn for det heile ligg ei indoeuropeisk rot med tydinga ‘tøya, retta ut’. Det ser ut til at tunn fyrst tydde ‘utstrekt, uttøygd’. Sidan har ei rad nye tydingar kome til: ‘som har lite tverrmål, grann, veik, lite tett’. Om det tunne er gildt eller leitt, ymsar alt etter samanhengen. Ein reiskap med tunnslipt (kvass) egg er god å ha når ein skal tynna i skogen. Normene for lekamleg venleik seier at det er betre å vera tunn enn tjukk, men det gjeld ikkje håret, for det er gjævare å ha ein kraftig manke enn å vera tunn i toppen. Dei som prøver å leva opp til alle ideala, sit att med tunnslitne nervar.

Om me vil skildra tunnleik nærmare, kan me nytta samansette ord som flortunn, lauvtunn og syltunn eller gripa til ei samanlikning: tunn som ei flis, som ein strek, som ein tråd, som ei spøte. Eg vil elles minna om at ein ikkje bør gå tunnkledd i kulda, og at det er farleg å vera på tunn is. Ja ja, dette vart ei tunn suppe.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis