JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ord om språkKunnskap

I det grøne

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2361
20230602
2361
20230602

Berre grønskollingar trur at golvet vert grønt om me vaskar det med grønsåpe. Å nytta grønsåpevatn på vokstrar kan hjelpa mot utøy, men vokstrane vert ikkje eviggrøne av det. Verbet grønvaska, laga etter mønster av kvitvaska, fortel oss at det likevel er mogleg å vaska noko grønt. Då er det tale om å løyna eller fjerna det miljøskadelege ved noko: «Dei grønvaskar politikken sin» (jf. «grøn energi», «det grøne skiftet»).

Mykje tyder på at grøn heng i hop med verbet gro. Grunntydinga til grøn var truleg ‘groande, spirande’, og det gjekk nok ikkje lange stunda før ordet vart nytta om leten på (unge) vokstrar. Her kan det òg nemnast at det i mange norske målføre har vore vanleg å nytta let om naturleg farge, medan farge fyrst og fremst har vore nytta om kunstig eller påsett let. Me kan òg nytta let og farge om kvarandre, slik eg nett gjorde. Då er grønlet og grønfarge det same.

Til liks med andre fargar kjem grøn i ulike nyansar, jamfør samansetjingar som blågrøn, eirgrøn, gulgrøn, knallgrøn, ljosgrøn, olivengrøn, signalgrøn, sjøgrøn og vårgrøn. Ordet gusjegrøn har ein litt lei klang, og somme tykkjer jamvel at sjølve fargen er lei. Å vera raudgrønblind kan òg vera leitt – og det hjelper ikkje å ha grøn stær attpå.

Ute i naturen kan me støyta på dyr som har grønt på seg (t.d. grønspetta), men ordlaget «i det grøne» viser framfor alt til gras, buskar, tre og andre vokstrar. Størsteparten av dei grønast (eller grønkar, grønkast, grønskar osb.) om våren. Det er gildt når skogen står grøn og ein kan liggja i grøne enger. Mange byar har grøne lunger der folk til dømes kan grilla grønsaker og få grønske på kleda, som er noko anna enn å gjera sine hoser grøne (‘gå på friarføter’, etter ein gamal tanke om at grøn er ein lukkefarge). Dei som har fått grønt ljos til å stella grøntområda, skal helst ha grøne fingrar.

Mange har røynt at graset alltid er grønare på den andre sida av gjerdet, og at det kan løna seg å lova gull og grøne skogar. Det er òg vanleg å ergra seg grøn eller verta grøn i andletet av misunning eller kvalme. Då er me ikkje illgrøne. Stundom er me bleike med eit skjær av grønt, og stundom er det med grønfargen biletleg meint, just som når me nyttar grøn i tydinga ‘umogen, urøynd’ om folk («vera for grøn til noko»).

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis