JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Høyberging

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bonden kunne leggje alt til rette, men sjølve tørkinga matte naturen stå for. Her styrte vêrgudane. Og dei var lunefulle og mektige, skriv Andreas Skartveit.

Foto: Digitalt museum

3036
20220805
3036
20220805

I siste halvpart av 1800-talet vart det som var av norsk korndyrking, utkonkurrert av billeg importert korn, først og fremst frå Ukraina og Midtvesten.

Norsk jordbruk vart då etter kvart eit husdyrjordbruk, som det framleis er.

Dei veksande husdyrflokkane måtte ha mat, også om vinteren, som kan vere lang i ein del norske bygder.

Hovudoppgåva på dei fleste norske gardsbruka vart å produsere vinterfôr til dei ulike husdyra.

Og vinterfôret kunne vere så mangt: lauvkjervar, trebork, gjerne av alm, som hadde den beste borken, ein del rotfrukter, som nepe og kålrot, men først og fremst gras av ulikt slag.

Graset vart tørka til høy, som tolte lagring om det var godt tørka slik at grasplanten var totalt livlaus når han vart lagd i høystakken.

Høyberging, slåttonn, tørking, kalla høying, og innkøyring i høylåven vart årets høgdepunkt i arbeidet på dei fleste gardane.

Bonden kunne leggje alt til rette, men sjølve tørkinga måtte naturen stå for. Her styrte vêrgudane. Og dei var lunefulle og mektige.

Volltørking var den tradisjonelle metoden. Då vart høyet kasta ut over om morgonen, om vêret tillét det. Utpå dagen vart høyet snudd, vendt, som det heitte, slik at alt høyet fekk si tid i sola og tørkinga. Om kvelden vart høyet samla i såter, i eit forsøk på å verne det mot nattregn og dogg. Om morgonen vart så såtene kasta utover igjen.

Fire dagar med god sommarsol gav godt og tørt høy, og innkøyringa kunne starte.

Dagevis med regn var katastrofalt med denne tørkemetoden.

Hesjing var ein annan teknikk. Då vart det nyslåtte høyet hengt på jerntrådar som var strekte mellom staurar. Og der hang det til det var tørt og takande.

Også her hadde vêrgudane styringa. I dårlege vestlandssomrar, som det var mange av, hadde bonden mange tunge veker før høyet var trygt i hus. Var vêret for dårleg lenge, kunne høyet bli skjemt og vere mindreverdig fôr.

Ein sommar på slutten av 40-talet var hesjene fulle av høy som straks var takande. Høyet hadde stått si tid og tørka.

Etter helga var det tørt nok.

Då melde meteorologen om kraftig regn over helga, frå måndag av.

Noko måtte gjerast for å berge det tørre høyet.

Å køyre høy på søndag var det ikkje snakk om. Kviledagen måtte haldast heilag.

Søndag la vi oss tidleg. Ved midnatt stod vi opp og sela hestane. I den lyse sommarnatta køyrde vi høy til det var tid for å gå i fjøset.

Det kom ikkje regn på måndag.

Det tok vi ikkje sa tungt. Vi var glade for å ha høyet i hus. Det var årets store mål: å berge godt høy til vinteren. No var det gjort ved nattarbeid.

Og vi yngste gjekk og la oss.

No har siloteknikken fortrengt høytørkinga. I nokre maskinfylte timar blir graset hausta og lagra. Siloonna blir hektisk og kortvarig. Og dyra ser ut til å vere godt nøgde med denne nye dietten.

Dei store gamle høylåvane står tomme og lyser rundt i bygdene, ved sida av store siloar.

Og ved sida av låvane ligg dei gamle hesjestaurane og rotnar.

Men husdyra er dei same: ku, sau, geit og hest.

Historia har endra norske jordbruksbygder.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis