JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Ho som berre ville spela

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Spelaren med stor S: Irina Levitina, her frå bridge-VM i Frankrike i 1998.

Foto: Wikimedia Commons

2122
20200313
2122
20200313

I Leningrad i 1960-åra dukka det opp ei jente som elska spel. I pausane på sjakkurset stakk ho innom damundervisninga i naborommet og løyste oppgåver i spelet som var særs populært i Sovjetunionen, der det var vanleg med sokalla sjakk- og damklubbar. Og ho spela kort. Ho fekk adrenalin av å spele med andre menneske meir enn av teoretiske sjakkstudium. Som då Irina Levitina som ung tenåring spela mot eksverdsmeisteren for kvinner, Ljudmila Rudenko. Levitina hadde eit farleg åtak mot den kvite kongen då Rudenko vart likbleik, og ein måtte kalla på ambulansen.

­– Men når skal vi halda fram, spurde Levitina domaren. – Eg har jo initiativet på dei svarte felta etter bondetrekket til f4!

Domaren Sosonko vart streng:

– Hald opp! Det står om livet, og du pratar om svarte felt!

– Men eg trugar jo f3, korleis kan ho verja seg, sa unge Irina.

Ein av sjakktrenarane hennar, stormeister Semjon Furman, hadde ein dragnad mot kortspel, særleg bridge. Tenåringsjenta og den gamle mannen vart bridgemakkarar. Dei måtte spela i løynd etter at sentralkomiteen i kommunistpartiet hadde erklært yoga, kvinnefotball og bridge (med sin aust–vest-problematikk) for å vera dekadente aktivitetar. Det vesle bridgemiljøet vart offer for politirazziaar, men på sjakkturneringar var det alltid kortspel etter runden. Viktor Kortsjnoj, som tapte to VM-kampar mot Karpov, var imponert over kortspelaren Levitina: «Korkje Karpov eller eg når henne til anklane. Eg trur ho er betre enn alle sjakkspelarar ikkje berre i Sovjet, men i heile verda.»

Sjakkarrieren til Levitina skaut fart, jamvel om ho førebudde seg til viktige parti ved å leggja ein kabal. Ho var ein komplett sportsidiot som kunne alle lagoppstillingar i fotball, basketball og ishockey. Kor som er, vart ho den beste kvinnelege sjakkspelaren i Russland og kvalifiserte seg til VM-kamp i 1984. Her tok ho leiinga mot den georgiske tittelforsvararen Maja Tsjiburdanidze, men tapte.

Då ho emigrerte til USA etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991, vart ho fleire gonger verdsmeister i bridge.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis